Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Energinæringane løfta produksjonen
Ein auka produksjon av energivarer har løfta totalindeksen i 1. kvartal 2000 samanlikna med 4. kvartal 1999. For industrien er det små endringar.
I mars har det vore ein klår sesongjustert auke i kraftproduksjonen, og vekekorrigerte tal viser at produksjonen var om lag 27 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Det har vore ein auke i eksporten av kraft i mars. Olje- og gassproduksjonen var om lag 12 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor.
Svak utvikling i industrien
Industrien slit enno med ei svak utvikling i produksjon og etterspurnad. Sesongjusterte tal viser at produksjonen har vore om lag uendra gjennom dei siste ni månadene, og dersom vi samanliknar 1. kvartal i år med tilsvarande periode i fjor, har det vore ein liten nedgang. Situasjonen i verkstadindustrien pregar biletet, men det er store bransjevise forskjellar. Spesielt eksportretta industri er inne i ein god periode.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2000. Prosentvis
endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 1999-
mars 2000 |
Januar-mars 1999-
januar-mars 2000 |
Februar 2000-
mars 2000 |
Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 8,2 | 4,5 | 1,0 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 12,1 | 7,6 | 0,6 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 1,5 | -0,4 | 0,2 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 26,7 | 16,3 | 6,2 | 13,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 1,3 | 0,2 | 0,8 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,3 | -2,0 | -0,8 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 2,4 | 0,3 | 0,9 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 12,9 | 7,7 | 0,7 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no