Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang for industrien
Gjennom dei fire første månadene av 2000 har det vore ein nedgang på 1,3 prosent i industriproduksjonen samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Verkstadnæringane har hatt den svakaste utviklinga.
Vekekorrigerte tal for april 2000 viser at produksjonen innanfor industrien var om lag 4 prosent lågare enn i april 1999. Ein klår nedgang innanfor produksjon av investeringsvarer og innsatsvarer har verka inn på dette. Maskinvare-, metallvare- og transportmiddelindustrien har hatt den svakaste utviklinga dei siste 12 månadene. Endringstala må handsamast med varsemd då påska i år fall i april, medan den var delt mellom mars og april i 1999. Dei same næringane har likevel hatt ei klår negativ utvikling når vi samanliknar dei fire første månadene i 2000 med tilsvarande periode i 1999. Her har til dømes metallvareindustrien hatt ein nedgang på om lag 10 prosent. Nærings- og nytingsmiddelindustrien og kjemisk industri er med på å trekkje ned produksjonen innanfor industrien frå mars til april i år.
Produksjon av energivarer
Ein sesongjustert nedgang i produksjonen av energivarer frå mars til april i år trekkjer ned totalindeksen. Ein nedgang i gassproduksjonen i april gjer at indeksen for olje- og gassutvinning fell om lag 5 prosent frå mars til april. Samla produksjon av energivarer frå januar til april i år er likevel større enn i tilsvarande periode i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. April 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 1999-
april 2000 |
Januar 1999-april 1999-
januar 2000-april 2000 |
Mars 2000-
april 2000 |
Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,7 | 4,1 | -1,9 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 5,2 | 6,9 | -5,0 | 0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -4,2 | -1,3 | -1,7 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 24,8 | 18,1 | -1,7 | 10,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -5,1 | -1,0 | -1,6 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -6,3 | -3,0 | -0,9 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -0,4 | 0,1 | -1,8 | 0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 7,2 | 7,5 | -2,9 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no