Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka produksjon i energinæringane
Ein auka produksjon av energivarer løfta totalproduksjonen frå april til mai i år. Innan industrien var det berre små endringar, viser sesongjusterte tal.
Gjennom dei 5 første månadene i år har olje- og gassutvinninga auka med om lag 7 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. For produksjonen av elektrisk kraft var auken på om lag 20 prosent i same periode.
Utviklinga innan industrien
Dersom vi ser på perioden frå januar til mai 2000, er produksjonen innan industrien om lag 2 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Dette heng mellom anna saman med ein klår nedgang i produksjonen av investeringsvarer. Produksjonen innan industrien var 3,9 prosent lågare i mai i år enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer og transportmiddel har hatt den svakaste utviklinga dei siste tolv månadene. Streiken i privat sektor i mai i år har også virka negativt inn på produksjonen av transportmiddel og oljeplattformer denne månaden.
Tradisjonell eksportindustri
Kjemisk industri har hatt ein nedgang frå april til mai knytt til stans for vedlikehald hos sentrale aktørar. Industri knytt til treforedling, trelast og trevarer har hatt ei positiv utvikling dei siste seks månadene. Produksjonen innan treforedling var om lag 9 prosent høgare i mai i år samanlikna med same periode i fjor, medan produksjonen av aluminium var om lag 7 prosent høgare enn i mai i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2000.
Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 1999-
mai 2000 |
Januar 1999-mai 1999-
januar 2000-mai 2000 |
April 2000-
mai 2000 |
Forrige
3 md. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 5,1 | 4,1 | 2,2 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 8,1 | 7,1 | 5,5 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,9 | -1,8 | -0,3 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 31,2 | 20,4 | 4,5 | 10,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -3,3 | -1,5 | -0,6 | -2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -11,0 | -4,6 | -2,0 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,4 | 0,4 | 1,6 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 11,1 | 8,3 | 5,4 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no