Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industrien
Det har vore ein nedgang på 3,6 prosent i industriproduksjonen frå juli i fjor til juli i år, viser vekekorrigerte tal. Ein klår auke i oljeproduksjonen trekkjer likevel totalindeksen opp frå juni til juli i år.
Nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ei svak utvikling i juli i år. Produksjonen har vore 6,8 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Dette heng mellom anna saman med ein lågare produksjon av øl og mineralvatn. Utviklinga innanfor grafisk industri og delar av verkstadnæringane har også vore svakare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Metallindustri og kjemisk industri kan vise til ei positiv utvikling sidan juli i fjor, knytt til god eksportretta etterspurnad.
Tal for juli og august er noko meir usikre enn for andre periodar i året. Dette heng mellom anna saman med industrien si ferieavvikling. Grunnlaget for ein god analyse av denne perioden vert betre når tala for august er klåre.
Sesongjustert auke frå juni til juli
Det har vore ein sesongjustert auke i industriproduksjonen på 1,4 prosent frå juni til juli i år. Kjemisk industri og produksjon av aluminium har hatt ei positiv utvikling frå juni til juli i år, viser sesongjusterte tal.
Stor auke i oljeproduksjonen
Den norske oljeproduksjonen har vore på eit rekordhøgt nivå i juli 2000. Det har vore ein klår auke frå juni i år, då produksjonen var lågare enn normalt. Dette var knytt til stans for vedlikehald på fleire felt. Totalindeksen var om lag 6 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 1999-
juli 2000 |
Januar-juli 1999-
januar-juli 2000 |
Juni-juli 2000 | Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 5,8 | 4,0 | 4,7 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 10,3 | 7,3 | 7,4 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,6 | -2,8 | 1,4 | -3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 8,9 | 19,4 | -0,1 | 4,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -5,6 | -2,2 | -0,6 | -3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -9,9 | -5,5 | -1,0 | -4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -6,3 | -0,7 | -6,3 | -2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 7,2 | 8,1 | -5,2 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no