Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ein liten auke for industrien
Produksjonen innanfor industrien har hatt ein liten auke frå juli til august i år, viser sesongjusterte tal. Aktiviteten er likevel lågare enn i tilsvarande periode i fjor, dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal.
Ei noko betre utvikling for delar av verkstadnæringane trekkjer opp produksjonen innanfor industrien. Aktiviteten, for dei fleste næringane, er likevel klart lågare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av metallvarer kan vise til ein auke dersom vi samanliknar med tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Samla er produksjonen om lag 3 prosent lågare. Lågare produksjon innanfor nærings- og nytingsmiddel og i grafisk industri har også verka inn.
Produksjon av energivarer
Produksjonen innanfor olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning har hatt ein sesongjustert nedgang på om lag 2 prosent frå juli til august. Dette er knytt til ein noko lågare oljeproduksjon enn i juli. Fleire oljefelt har hatt driftsstans i delar av august. Samla produksjon av kraft i august er klart høgare enn på same tid i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Produksjonsindeksen for industrien. August 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 1999-
august 2000 |
Januar-august 1999-
januar-august 2000 |
Juli-august 2000 | Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 1,0 | 3,6 | -2,3 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 2,9 | 6,8 | -4,3 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,2 | -2,8 | 0,6 | -1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 13,1 | 18,6 | -0,1 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 0,1 | -2,0 | 0,4 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -6,0 | -5,5 | 3,6 | -0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -6,1 | -1,9 | 1,2 | -5,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 3,9 | 7,9 | -2,9 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no