Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ein liten auke i industriproduksjonen
Det har vore ein auke på 0,5 prosent i industriproduksjonen gjennom 3. kvartal i år samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Samla industriproduksjon var i september 1,6 prosent lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Plattformindustrien og oljeraffinering skil seg ut med klart lågare aktivitet enn på same tid i fjor. Tradisjonell eksportindustri som treforedling og kjemisk industri har hatt ein høgare aktivitet i september i år enn i same periode i fjor.
Investeringsvarer
Gjennom 3. kvartal i år har aktiviteten innanfor verkstadnæringane auka noko, og produksjonen av investeringsvarer har difor auka med om lag 1 prosent, samanlikna med kvartalet før. Desse endringane kjem likevel frå eit nivå som er klårt lågare enn på same tid i fjor. Produksjonen av investeringsvarer var om lag 4 prosent lågare enn i 3. kvartal i år samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Ein aukande konkurranse og svak etterspurnad frå heimemarknaden har verka inn på dette.
Energivarer
Produksjonen av elektrisk kraft var i september om lag 25 prosent høgare enn i same periode i fjor. Ny informasjon om kraftproduksjonen i august i år viser at denne er 2 prosent lågare enn det som er publisert tidlegare. Desse endringane er lagde inn i produksjonsindeksen.
Produksjonsindeksen for industrien. September 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 1999-
september 2000 |
Januar-september 1999-
januar-september 2000 |
August-
september 2000 |
Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,8 | 3,5 | -0,5 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 3,6 | 6,4 | -0,9 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -1,6 | -2,7 | 0,0 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 25,2 | 19,0 | 0,1 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -1,8 | -2,0 | -0,7 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -2,3 | -5,1 | -3,2 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -0,1 | -1,6 | 1,2 | -2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 5,7 | 7,7 | -1,0 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no