Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat auke i industrien
Industriproduksjonen har auka med 0,6 prosent frå september til oktober, viser sesongjusterte tal. Eksportindustrien og verkstadnæringane trekkjer opp. Produksjonen er framleis lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Kjemisk industri har hatt ein auke i produksjonen frå september til oktober i år. Dette heng saman med ein auka produksjon av kjemiske råvarer. Produksjonen av kjemiske råvarer var også høgare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Desse endringane kjem på grunn av ein aukande etterspurnad, men aktiviteten innanfor næringa er framleis lågare enn i 1998.
Moderat auke i verkstadnæringane
Etterspurnaden frå den norske marknaden har også teke seg opp gjennom 3. kvartal i år. Dette har verka inn på fleire av verkstadnæringane. Produksjonen av oljeplattformer har hatt ein auke med om lag 4 prosent frå september til oktober, viser sesongjusterte tal. Aktiviteten er likevel om lag 10 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Olje- og gassutvinning
Det har vore ein sesongjustert auke på 4,5 prosent i olje- og gassutvinninga frå september til oktober i år. Samla olje- og gassproduksjon var om lag 9 prosent høgare i oktober enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Gassproduksjon er starta på Oseberg- og Åsgard-feltet, og det har vore ein høg oljeproduksjon på fleire av oljefelta.
Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober 1999-
oktober 2000 |
Januar-oktober 1999 -
januar-oktober 2000 |
September-
oktober 2000 |
Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 5,2 | 3,8 | 2,5 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 9,1 | 6,7 | 4,5 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -2,7 | -2,7 | 0,6 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 21,8 | 19,3 | -3,8 | -3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,8 | -1,9 | 1,4 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -4,4 | -5,0 | 1,6 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -3,2 | -1,8 | 0,3 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 10,4 | 8,0 | 3,8 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no