24309_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24309
Svak nedgang for industrien
statistikk
2001-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang for industrien

Det har vore ein svak nedgang i produksjonen innanfor industrien frå oktober til november 2000, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i november var om lag 2 prosent lågare enn i tilsvarande periode i 1999, viser vekekorrigerte tal.

Dette heng mellom anna saman med ein lågare aktivitet innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien og plattformindustrien i november 2000, samanlikna med november året før. Frå januar til november 2000 har det vore ein nedgang på om lag 7 prosent innanfor plattformindustrien, samanlikna med same periode for 1999. For nærings- og nytingsmiddelindustrien har det vore ein nedgang på om lag 1 prosent. Situasjonen innanfor industrien er elles prega av store forskjellar mellom bransjane.

Positivt for industrien

Sjølv etter ein nedgang i industrien frå oktober til november 2000, viser sesongjusterte tal for perioden september til november 2000 ein auke på om lag 1,3 prosent, samanlikna med perioden frå juni til august same år. Dette er knytt til auka produksjon innanfor delar av verkstadnæringane og i produksjonen av kjemiske råvarer. Dette heng mellom anna saman med ei viss betring av etterspurnaden frå heimemarknaden gjennom 3. kvartal.

Produksjon av energivarer

Det har vore ein nedgang i produksjon av energivarer frå september til november 2000 på om lag 1 prosent samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein nedgang i produksjonen av elektrisk kraft. Desse endringane kjem etter ein høg kraftproduksjon tidlegare i 2000. Sesongjusterte tal viser elles ein auke på 0,7 prosent i olje- og gassutvinninga frå september til november, samanlikna med månadene før. Det har vore ein rekordhøg gassproduksjon på norsk sokkel i november 2000.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2000. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  November 1999-
november 2000
Januar-november 1999 -
januar-november 2000
Oktober-
november 2000
Forrige 3 md.
Totalindeksen -0,3 3,3 -3,1 0,5
         
Olje- og gassutvinning 0,2 6,1 -4,6 0,7
Industri -2,0 -2,7 -0,5 1,3
Kraftforsyning 6,8 18,0 -4,8 -5,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,2 -1,9 -1,5 0,5
Investeringsvarer -1,7 -4,8 -0,5 0,7
Konsumvarer -1,3 -1,8 0,7 2,8
Energivarer 0,8 7,2 -5,4 -1,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.