24296_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24296
Nedgang for industrien
statistikk
2001-02-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang for industrien

Det har vore ein nedgang på 0,3 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal 2000 innanfor industrien, viser sesongjusterte tal. Dette heng mellom anna saman med ein nedgang i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein nedgang på om lag 0,5 prosent, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ei svak utvikling innanfor plattform- og metallvareindustrien gjennom 4. kvartal. Dette er knytt til lågare investeringar i feltutbygging i Nordsjøen gjennom 2000, samanlikna med året før. Produksjonen innanfor industrien var 3,3 prosent lågare i desember 2000 samanlikna med same månad året før, viser vekekorrigerte tal. Dette heng mellom anna saman med aktiviteten innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien.

Eksportindustri og produksjon av energivarer

Produksjonen innanfor industrien viste ein nedgang på 2,7 prosent frå 1999 til 2000, viser vekekorrigerte tal. Dette skjer sjølv om delar av den tradisjonelle eksportindustrien kan vise til ein liten auke gjennom 2000. Det har vore ein auke i produksjonen av energivarer på om lag 6,5 prosent gjennom 2000, viser vekekorrigerte tal. Ein auke i olje- og gassutvinninga har kome fordi fleire nye felt har starta med gassproduksjon gjennom året. Dette har gjeve ein rekordhøg gassproduksjon mot slutten av 2000. Det har elles vore ein auke på om lag 16 prosent i produksjonen av elektrisk kraft, samanlikna med 1999. Desse endringane gjer at samla produksjon innanfor olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift og kraftforsyning har hatt ein auke på om lag 3 prosent, trass i den svake utviklinga innanfor industrien.

Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2000. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
       Desember 1999-
desember 2000
Januar-desember 1999 -
januar-desember 2000
November-
desember 2000
Førre 3 md.
Totalindeksen    -1,7 2,9 1,1 -0,1
         
Olje- og gassutvinning 0,1 5,4 2,5 0,5
Industri -3,3 -2,7 -1,6 -0,3
Kraftforsyning 2,1 16,2 6,1 -6,1
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,8 -2,0 -1,0 -1,0
Investeringsvarer -0,3 -4,4 -1,9 -0,5
Konsumvarer -4,4 -2,0 -2,8 1,1
Energivarer -0,5 6,5 3,9 -1,0
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.