24278_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24278
Låg gassproduksjon i februar
statistikk
2001-04-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningfebruar 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg gassproduksjon i februar

Produksjonen innanfor olje- og gassutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning hadde ein nedgang på 2,4 prosent frå januar til februar i år, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein lågare gassproduksjon. Sesongjusterte tal for industrien viser ein auke på 0,7 prosent.

Produksjonen av norsk gass var i år om lag 30 prosent lågare i februar enn i januar. Dette heng saman med variasjonar i etterspurnaden innanfor dei eksisterande kontraktane på levering av gass til kontinentet. Prisen på norsk gass har vore høg i vinter, og det har vore levert store mengder i januar i år og desember i fjor. Samla er olje- og gassutvinninga noko mindre enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Endringar innan industrien frå januar til februar

Sesongjusterte tal for februar viser at det framleis er stor variasjon mellom næringane i industrien. Nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein auke på om lag 2 prosent frå januar til februar i år, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke innan produksjon av fisk og fiskevarer. Dette er knytt til sesongvariasjonar og ein låg produksjon i januar. Produksjonen innanfor treforedling kan vise til ein auke på om lag 1 prosent. Dette er knytt til god etterspurnad og auka produksjonskapasitet innan næringa. Transportmiddel og oljeplattformer kan òg vise til ein liten auke. Betra etterspurnad gjennom 2000 har verka inn på dette. Bygging av skip trekkjer opp produksjonen av transportmiddel. Endringane innanfor plattformnæringa er framleis små, og fleire verksemder slit enno med permitteringar. Ekstraordinære driftsproblem har redusert samla produksjon i oljeraffinering. Dette gjer at samla utvikling innanfor oljeraffinering og kjemisk industri blir negativ, sjølv om det har vore ein liten auke i produksjonen av kjemiske råvarer.

Endringar siste 12 månader

Produksjonen innanfor industrien har vore om lag uendra frå februar i fjor til februar i år, viser vekekorrigerte tal. Treforedling, forlag og grafisk industri, kjemiske råvarer og maskinindustrien har hatt ein auke i denne perioden. Metallindustri og plattformindustri har hatt ein klår nedgang sidan februar i fjor. Delar av metallindustrien slit framleis med tilgang på råstoff. Dette har verka inn på samla produksjon i denne næringa.

Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Februar 2000-
februar 2001
Desember 1999-februar 2000-
desember 2000-februar 2001
Januar 2001-
februar 2001
Forrige 3 md.
Totalindeksen -0,9 -1,0 -2,4 -1,5
         
Olje- og gassutvinning -3,8 0,2 -6,0 -1,3
Industri -0,1 -2,8 0,7 -0,9
Kraftforsyning 1,7 1,5 1,2 -0,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 1,5 -1,7 0,5 -0,4
Investeringsvarer -1,5 -3,5 -0,2 -1,4
Konsumvarer 0,0 -2,7 0,3 -0,6
Energivarer -2,8 0,2 -4,3 -0,9
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.