24269_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24269
Små endringar i industrien
statistikk
2001-05-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Produksjonen innanfor olje- og gassutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning hadde ein auke på 2,0 prosent frå februar til mars i år, viser sesongjusterte tal. Dette er knytt til endringar i oljenæringa. Det har vore ein liten nedgang i industrien.

Sesongjusterte tal for olje- og gassutvinning viser ein klar auke frå februar til mars etter ein like klar nedgang frå januar til februar. Auken kan knytast til høg leiteaktivitet etter olje og gass i mars i år. Norsk gassproduksjon er framleis klart lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Gjennom dei seks siste månadene har det vore ein nedgang på om lag 2 prosent i samla norsk olje- og gassutvinning.

Endringar innan industrien frå februar til mars

Sesongjusterte tal for industrien viser ein liten nedgang på 0,4 prosent frå februar til mars i år. Dette er mellom anna knytt til ein nedgang innanfor nærings- og nytingsmiddelindustri. Det har elles vore ein sesongjustert nedgang i kjemisk industri og metallindustri. Dette trekkjer ned produksjonen av innsatsvarer frå februar til mars. Delar av metallindustrien slit framleis med tilgang på råstoff, og ekstraordinære driftsproblem har redusert samla produksjon innanfor oljeraffinering. Produksjonen av investeringsvarer kan vise til ein auke frå februar til mars. Sesongjusterte tal viser at fleire av verkstadnæringane har hatt ein klar auke i produksjonen. Dette heng saman med ein betra etterspurnad. Elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein nedgang, grunna ein lågare produksjon av radio, fjernsyns- og telekommunikasjonsutstyr.

Endringar siste 12 månader

Det har vore ein liten nedgang i produksjonen i industrien dei siste tolv månadene, viser vekekorrigerte tal. Det er framleis klare forskjellar mellom bransjane. Fleire av verkstadnæringane har hatt ein auke. Ein nedgang innanfor metallindustrien sidan mars i fjor har virka inn på produksjonen av innsatsvarer.

Produksjonsindeks for industrien. Mars 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Mars 2000-
mars 2001
Januar 2000-mars 2000-
januar 2001-mars 2001
Februar 2001-
mars 2001
Forrige 3 md.
Totalindeksen -0,6 -0,6 2,0 -2,2
         
Olje- og gassutvinning 0,1 0,1 6,4 -2,0
Industri -0,4 -1,9 -0,4 0,5
Kraftforsyning -14,3 -4,1 -8,7 -3,0
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -0,9 -1,1 -1,1 0,2
Investeringsvarer 2,2 -2,5 2,2 1,0
Konsumvarer -0,7 -1,5 -1,0 1,4
Energivarer -2,1 -0,4 3,0 -1,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.