24261_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24261
Svak utvikling i industrien
statistikk
2001-06-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak utvikling i industrien

Samla produksjon innanfor olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift og kraftforsyning hadde ein liten nedgang frå mars til april i år viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ei svak utvikling i industrien.

Sesongjusterte tal for norsk olje- og gassutvinning viste ein auke på om lag 1 prosent frå mars til april. Norsk olje- og gassutvinning var om lag 9 prosent høgare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Dette hang saman med ein klår auke i oljeproduksjonen. Fleire nye felt har hatt ein auke i oljeproduksjonen gjennom 2000 og inn i dette året.

Endringar innanfor industrien frå mars til april

Produksjonen innanfor industrien hadde ein nedgang på 0,9 prosent frå mars til april i år, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med utviklinga innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien og delar av verkstadnæringane. Produksjon av kjøt og kjøtvarer i april trekkjer ned nærings- og nytingsmiddelindustrien. Maskin- og transportmiddel skil seg elles ut med ein ny sesongjustert nedgang, medan oljeplattformer kan vise til ein auke. Det har elles vore ein nedgang i forlag og grafisk industri.

Endringar siste 12 månader

Vekekorrigerte tal for industrien viser at det har vore ein nedgang på om lag 2,7 prosent frå april i fjor til april i år. Nærings- og nytingsmiddelindustri og elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein klår nedgang. Metallvareindustri har hatt ein auke, viser vekekorrigerte tal.

Tal for 1. kvartal 2001

Ny informasjon frå verksemdene i utvalet har gjort det nødvendig med nokre endringar i tala for 1. kvartal 2001. Norsk olje- og gassutvinning for 1. kvartal er justert opp i høve til det som vart lagt til grunn i produksjonsindeksen for mars 2001. Etter desse endringane har det vore ein auke i norsk olje- og gassutvinning på 1,5 prosent i 1. kvartal 2001 samanlikna med same kvartal i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av kjemiske råvarer er elles redusert noko. Det er elles ikkje gjort nokre endringar i dei gamle tala for 1. kvartal 2001.

Produksjonsindeksen for industrien. April 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  April 2000-april 2001 Januar-april 2000 - januar-april 2001 Mars-april 2001 Førre 3 md.
Totalindeksen 1,5 0,3 -0,1 -1,2
         
Olje- og gassutvinning 8,9 3,3 0,8 -0,3
Industri -2,7 -2,2 -0,9 0,5
Kraftforsyning -12,9 -6,0 -0,9 -5,0
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,6 -1,7 -0,9 0,0
Investeringsvarer -2,6 -2,5 -1,9 1,3
Konsumvarer -3,1 -1,8 -0,7 0,7
Energivarer 5,6 1,9 2,4 0,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.