Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare produksjon av energivarer
Produksjonen innanfor olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift og kraftforsyning viser ein nedgang på 3,7 prosent frå april til mai 2001, ifølgje sesongjusterte tal. Dette heng saman med produksjonen av energivarer. For industrien har det vore ein liten auke på 0,7 prosent.
Produksjonen av energivarer hadde ein nedgang på om lag 7 prosent frå april til mai. Desse endringane heng mellom anna saman med stans for vedlikehald på fleire større oljefelt gjennom delar av månaden og ein låg leiteaktivitet etter olje og gass. Norsk kraftproduksjon har elles hatt ein nedgang på om lag 1 prosent. Samla kraftproduksjon var i mai om lag 21 prosent lågare enn tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Ein liten auke i industriproduksjonen frå april til mai
Det har vore ein liten auke på 0,7 prosent i produksjonen innan industrien. Dette kjem etter ein nedgang på 0,8 prosent frå mars til april. Maskin- og metallvareindustrien kan vise til ein auke. Produksjonen innan oljeraffinering og kjemisk industri kan også vise til det same. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer har hatt ein liten nedgang frå april til mai. Dette kjem etter eit halvår med klår auke i produksjonen. Samla industriproduksjon har auka med 0,4 prosent frå desember i fjor til mai i år, medan oljeplattformer har hatt ein auke med om lag 6 prosent.
Svak auke i produksjonen siste 12 månader
Vekekorrigerte tal for industrien viser at det har vore ein auke på om lag 0,6 prosent frå mai i fjor til mai i år. Oljeraffinering og kjemisk industri har hatt ei positiv utvikling, men dette heng mellom anna saman med stans for vedlikehald innan kjemisk industri i mai 2000. Endringane innan verkstadnæringane må elles vurderast opp mot streiken i privat sektor i mai fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2001. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2000-mai 2001 |
Januar 2000-mai 2000-
januar 2001-mai 2001 |
April 2001-mai 2001 | Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -5,1 | -0,8 | -3,7 | -1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -7,8 | 1,1 | -8,3 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 0,6 | -1,7 | 0,7 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -21,3 | -8,9 | -0,8 | -9,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 1,2 | -1,1 | 1,3 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,7 | -1,7 | 1,3 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,0 | -1,6 | 1,4 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -9,7 | -0,4 | -7,0 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no