Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Industriproduksjonen litt ned
Det har vore ein nedgang på om lag 1 prosent i norsk industriproduksjon gjennom første halvår i år samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Delar av verkstadindustrien har hatt ein auke, medan utviklinga innan eksportindustrien har vore blanda.
Metallvare-, maskin- og transportmiddelindustrien har hatt ein klår auke gjennom første halvår. Dette heng saman med ein stabil etterspurnad frå den norske marknaden. Plattformindustri og elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med nedgang. Det er ein klårt lågare produksjon av radio-, fjernsyns- og telekommunikasjonsutstyr som trekkjer ned tala for den elektriske og optiske industrien. Dette skjer sjølv om andre delar av denne næringa har hatt ei positiv utvikling gjennom første halvår.
Utviklinga innan eksportindustrien
Metallindustrien har hatt ei negativ utvikling gjennom første halvår knytt til lågare etterspurnad og låge prisar. Produksjonen var om lag 5 prosent lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Kjemisk industri har hatt ei betre utvikling med ein klår auke i produksjonen gjennom første halvår.
Lågare produksjon av energivarer
Norsk olje- og gassutvinning har hatt ein auke med om lag 1 prosent første halvår, viser vekekorrigerte tal. Ein klår nedgang i kraftproduksjon gjer at samla produksjon av energivarer har gått ned med 0,5 prosent.
Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2001. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juni 2000-juni 2001 | Januar 2000-juni 2000 - januar 2001-juni 2001 | Mai 2001-juni 2001 | Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,0 | -0,3 | 2,5 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 0,7 | 1,1 | 5,4 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,2 | -0,8 | -0,3 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -17,7 | -10,1 | 3,1 | -5,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 2,0 | -0,6 | -0,5 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 3,5 | -0,9 | -0,8 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 4,9 | -0,6 | -0,9 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -2,1 | -0,6 | 3,7 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no