24237_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24237
Auka produksjon av investeringsvarer
statistikk
2001-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka produksjon av investeringsvarer

Produksjon av investeringsvarer har hatt ein auke frå juni til juli i år, viser sesongjusterte tal. Høg olje- og gassutvinning har hatt ein positiv innverknad på produksjonen av energivarer, som også har auka.

Den positive utviklinga for delar av verkstadnæringane frå 1. halvår held fram i juli i år. Det har vore ein auke på om lag 3 prosent i produksjonen av investeringsvarer frå juni til juli i år. Dette heng saman med ein auke innanfor metallvare-, maskin- og transportmiddelindustrien. Oljeplattformer skil seg ut med ein sesongjustert nedgang frå juni til juli. Norsk olje- og gassutvinning har hatt ein auke på 1,3 prosent frå juni til juli, viser sesongjusterte tal.

Ein liten nedgang i industrien

Samla produksjon i industrien er 0,7 prosent lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Investeringsvarer har hatt ein klår auke, medan det har vore ein nedgang innanfor produksjon av innsatsvarer. Metallindustrien skil seg ut med ein nedgang på om lag 12 prosent.

Endringstal

Vekekorrigerte endringstal for totalindeksen frå juli 2000 til juli 2001 må tolkast med varsemd. Tal for juli og august er noko meir usikre enn for andre periodar i året. Dette heng mellom anna saman med ferieavviklinga i industrien. Grunnlaget for ein god analyse av denne perioden vert betre når tal for august er klåre.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Juli 2000-
juli 2001
Januar 2000-juli 2000 -
januar 2001-juli 2001
Juni 2001-
juli 2001
Forrige 3 md.
Totalindeksen -8,0 -1,4 0,6 -1,2
         
Olje- og gassutvinning         -3,2 0,4 1,3 -2,0
Industri -0,7 -0,9 0,0 -0,2
Kraftforsyning -16,9 -10,9 0,2 -2,3
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -5,7 -1,1 -2,1 -1,4
Investeringsvarer 3,4 -0,5 3,4 1,7
Konsumvarer 5,6 0,0 1,2 1,2
Energivarer -5,7 -1,3 0,7 -2,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.