24226_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24226
Små endringar i produksjonen
statistikk
2001-10-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i produksjonen

Produksjonen innan olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning viser små endringar frå juli til august. Det har vore ein auke på om lag 1 prosent dei siste 12 månadene i samla produksjon, viser vekekorrigerte tal.

Produksjonen innan industrien har vore om lag uendra frå juli til august i år, viser sesongjusterte tal. Nærings- og nytingsmiddelindustri og metallindustri har hatt ein auke, medan det har vore ein nedgang i plastindustrien og i produksjon av kjemiske råvarer.

Endringar i verkstadnæringane

Fleire av verkstadnæringane har hatt ein liten nedgang frå juli til august. Dette skjer etter ein auke i juli 2001. Endringane heng mellom anna saman med ferieavviklinga i industrien, og ein bør difor sjå på tala for juli og august under eitt. Sesongjusterte tal for dei tre siste månadene viser at det har vore ein liten auke i delar av næringane. Transportmiddel og elektroteknisk og optisk industri skil seg ut her med nedgang.

Auke i norsk olje- og gassutvinning

Norsk olje- og gassutvinning held fram med ein liten auke frå juli til august i år, viser sesongjusterte tal. Samla utvinning i august 2001 er om lag 3 prosent høgare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Hittil i år har det vore ein auke på om lag 1 prosent samanlikna med same periode i fjor, og desse endringane har virka inn på samla produksjon.

Produksjonsindeksen for industrien. August 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Aug. 2000-aug. 2001 Jan. 2000- aug. 2000 - jan. 2001-aug. 2001 Jul. 2001- aug. 2001 Forrige 3 md.
Totalindeksen 0,9 -1,0 -0,1 0,6
Olje- og gassutvinning         3,1 0,8 0,3 1,1
Industri -0,5 -0,8 -0,1 -0,1
Kraftforsyning -15,5 -11,5 -2,9 1,4
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -3,0 -1,4 2,0 -1,4
Investeringsvarer 0,1 -0,5 -3,5 1,1
Konsumvarer 3,6 0,5 -1,0 0,9
Energivarer 0,1 -1,3 -0,3 0,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.