24215_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24215
Nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2001-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på om lag 1 prosent frå august til september i år. Det viser sesongjusterte tal. Dette heng mellom anna saman med ei svak utvikling innan næringsmiddel- og treforedlingsindustri.

August til september - størst nedgang for treforedling

Dårlege marknadstilhøve trekkjer ned aktiviteten innan treforedling i september. Dette gjeld hovudsakleg produksjon av tremasse og cellulose for sal og eige bruk. Samla produksjon innan treforedling har difor gått ned med om lag 9 prosent. Mangel på råstoff til fiskeolje og fiskemjøl har virka klart negativt inn på produksjonen av næringsmidlar i september. Her har det vore ein nedgang på om lag 8 prosent. Ei svak utvikling i produksjonen av kornvarer trekkjer også ned aktiviteten innan næringsmiddelindustrien.

3. kvartal 2001 - nedgang for innsatsvarer

Det har vore ein nedgang på 0,5 prosent i industriproduksjonen gjennom 3. kvartal samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Den svake utviklinga innan treforedlingsindustrien siste månaden finn vi att i kvartalstala, saman med ei svak utvikling innan produksjon av kjemiske råvarer. Dette har virka inn på produksjonen av innsatsvarer. Verkstadnæringane har hatt ei noko betre utvikling, og produksjonen av investeringsvarer har difor auka med 1,6 prosent.

Svak nedgang i produksjonen siste 12 månader

Vekekorrigerte tal for industrien viser at det har vore ein nedgang på 0,5 prosent frå september i fjor til september i år. Dette heng saman med ei svak utvikling i produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer. Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på 2,7 prosent dei 12 siste månadene. Dette heng mellom anna saman med ei positiv utvikling innan maskin- og metallvareindustrien.

Høg olje- og gassutvinning

Det har vore ein auke i samla olje- og gassutvinning på om lag 8 prosent frå august til september i år. Dette heng saman med ein høg gassproduksjon og ein høg leiteaktivitet etter olje- og gass. Fleire nye oljefelt er komne i produksjon gjennom 2001 så langt. Norsk gassproduksjon aukar elles i 2001 knytt til langsiktige leveringsavtalar. Tal for 3. kvartal viser at det har vore ein auke på om lag 6 prosent i samla norsk olje- og gassutvinning i høve til kvartalet før.

Produksjonsindeksen for industrien. September 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Sep. 2000-sep. 2001 Jan. 2000-sep. 2000 - jan. 2001-sep. 2001 Aug. 2001-sep. 2001 Førre 3 md.
Totalindeksen 5,3 -0,4 3,3 2,4
         
Olje- og gassutvinning 12,5 1,9 8,1 5,8
Industri -0,5 -0,8 -1,0 -0,5
Kraftforsyning -19,3 -12,3 -1,1 -0,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,5 -1,6 -1,7 -1,7
Investeringsvarer 2,7 -0,1 0,1 1,6
Konsumvarer -1,0 0,2 -2,2 -0,2
Energivarer 7,9 -0,3 4,8 2,9
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.