24204_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24204
Svak auke i industriproduksjonen
statistikk
2001-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i industriproduksjonen

Det har vore ein auke på 1,3 prosent i industriproduksjonen frå september til oktober, viser sesongjusterte tal. Dette kjem etter ein klår nedgang frå august til september. Det er produksjonen av innsats- og investeringsvarer som har hatt den klåraste auken.

Ny auke i produksjonen av næringsmiddel

Endringar i produksjonen av næringsmiddel gjennom dei to siste månadene har verka inn på den samla industriproduksjon. Dette er mellom anna knytt til ein variabel tilgang på råstoff innanfor fiskeindustrien. Her har det vore ein auke frå september til oktober og dette trekkjer opp produksjonen av næringsmiddel med om lag 7 prosent.

Innsatsvarer og investeringsvarer

Det har vore ein auke i produksjonen av innsats- og investeringsvarer frå september til oktober. Endringane i innsatsvarer er knytt til ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer og i metallindustrien, der det er produksjonen av ikkje-jernhaldige metall som har hatt ein auke på om lag 3 prosent. Situasjonen for metallindustrien elles er framleis svak. Det har elles vore ein auke i store delar av verkstadnæringane. Oljeplattformer skil seg ut med ein liten nedgang, men aktiviteten er litt høgare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Endringar siste 12 månader - liten nedgang i industriproduksjonen

Det har vore ein nedgang på 1,3 prosent i industriproduksjonen frå oktober i fjor til oktober i år, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein positiv tendens, medan aktiviteten innanfor innsatsvarer har hatt ei negativ utvikling. Treforedling, kjemiske råvarer og elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med nedgang, medan resten av verkstadnæringane har hatt ein liten auke. Hittil i år har det vore ein nedgang på om lag 1 prosent i industriproduksjonen samanlikna med i fjor.

Olje- og gassutvinning

Norsk olje- og gassproduksjon har vore om lag 1 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Dette er knytt til ein låg leiteaktivitet, medan sjølve utvinninga av olje og gass har vore om lag 4 prosent høgare enn i same periode i fjor.

Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Okt. 2000-okt. 2001 Jan. 2000-okt. 2000-
jan. 2001-okt. 2001
Sep. 2001-oct. 2001 Forrige 3 md.
Totalindeksen -0,6 -0,4 -2,1 2,8
         
Olje- og gassutvinning 0,9 1,8 -5,7 6,8
Industri -1,3 -0,9 1,3 -0,6
Kraftforsyning -11,6 -12,2 1,0 -2,2
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -4,4 -1,8 1,2 -0,7
Investeringsvarer 1,2 0,1 1,3 -0,6
Konsumvarer 0,3 0,2 2,4 -1,2
Energivarer -0,8 -0,4 -2,9 4,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.