24188_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24188
Nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2002-02-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser ein nedgang på om lag 3 prosent frå november til desember 2001 i norsk industriproduksjon. Dette er knytt til ein klår nedgang i produksjonen av innsatsvarer, investeringsvarer og konsumvarer.

Den negative utviklinga innanfor treforedling og trelast- og trevareindustrien trekkjer ned innsatsvarer. Låg produksjon av avispapir og anna papir til trykking, og ein låg aktivitet i produksjon av bygningsartiklar, har verka inn her. Dei negative endringane i produksjonen av investeringsvarer er knytte til aktiviteten innanfor metallvare- og transportmiddelindustrien. Det har elles vore ein nedgang på om lag 1 prosent i nærings- og nytingsmiddelindustrien i desember. Dette er hovudsakleg knytt til produksjonen av nytingsmiddel, sjølv om aktiviteten innanfor fisk og fiskevarer framleis er låg.

Endringar frå 2000 til 2001

Det har vore ein nedgang på om lag 1 prosent i norsk industriproduksjon frå 2000 til 2001, viser vekekorrigerte tal. Produksjon av innsatsvarer har hatt ein klår nedgang, medan produksjon av konsumvarer og investeringsvarer har vore om lag uendra. Nedgangen i industriproduksjonen har vesentleg kome i 2. halvår. Treforedlings- og metallindustrien har hatt den svakaste utviklinga, medan verkstadnæringane har hatt ein liten auke samla sett.

Vekekorrigerte endringstal for desember 2001

Vi har lagt til grunn eit omfang av driftsstans i samband med jul og nyttår for 2001 som er det same som for 2000. Dette gjeld først og fremst verkstadnæringane og grafisk industri. Når vi legg dette til grunn blir det ein arbeidsdag mindre i desember 2001 enn i desember 2000. Vekekorrigerte endringstal fangar ikkje opp dette og må difor tolkast med varsemd.

Endringar i tal for november 2001

Det har vore nødvendig å revidere produksjonsindeksen for november 2001 på nytt på grunn av nye opplysningar om leiteaktiviteten etter olje og gass i Nordsjøen. Dei tala som var lagde til grunn ved førre publisering er justerte klart opp. Dette har verka inn på tala frå samla norsk olje- og gassutvinning og på totalindeksen. Det er elles gjort mindre endringar innanfor produksjon av fisk og fiskevarer i industrien. Det er ikkje gjort endringar i tala for november ut over dette.

Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Desember 2000-desember 2001 Januar-desember 2000 -
januar-desember 2001
November-desember 2001 Forrige 3 md.
Totalindeksen 2,1 0,1 0,1 0,6
         
Olje- og gassutvinning 12,5 3,1 3,2 1,6
Industri -3,3 -1,1 -3,1 -1,1
Kraftforsyning -2,4 -10,2 1,0 4,1
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -6,5 -2,3 -4,1 -1,4
Investeringsvarer -0,4 0,2 -1,9 -1,3
Konsumvarer -2,1 0,0 -1,1 -1,0
Energivarer 10,5 1,1 2,0 2,7
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.