24180_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24180
Nedgang i oljeproduksjonen
statistikk
2002-03-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i oljeproduksjonen

Det har vore ein nedgang på om lag 5 prosent i norsk olje- og gassutvinning frå desember 2001 til januar 2002, viser sesongjusterte tal. Industriproduksjonen har hatt ein nedgang på om lag 1 prosent dei siste tre månadene.

Frå 1. januar 2002 har norske styresmakter kutta oljeproduksjonen med 150 000 fat. Dette utgjer om lag 5 prosent av samla oljeproduksjon. Det har elles vore ein auke i kraftproduksjonen frå desember i fjor til januar i år.

Betring i nærings- og nytingsmiddelindustrien

Produksjonen av innsatsvarer trekkjer ned utviklinga innanfor industrien gjennom dei siste månadene. Aktiviteten innanfor produksjon av investeringsvarer er noko betre. Den er likevel svakt negativ, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av konsumvarer har hatt ein auke med om lag 4 prosent frå desember til januar. Dette heng saman med utviklinga innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien, og ein klar auke i produksjonen av fôr. Det har elles vore ein auke innanfor møbelindustrien. Dette har verka inn på produksjonen av varige konsumvarer som har hatt ein oppgang på om lag 8 prosent. Aktiviteten innanfor produksjon av oljeplattformer held fram med ein liten auke. Dette er knytt til ein noko betra etterspurnad og produksjonen er klart høgare enn i tilsvarande periode i 2001.

Frå januar 2001 til januar 2002: Nedgang i metallindustrien

Metallindustrien har elles ein ny nedgang inn i 2002, og aktiviteten er klart lågare enn i januar 2001. Dette heng saman med sviktande etterspurnad frå eksportmarknaden. Elektroteknisk og optisk industri har også nedgang inn i det nye året. Samla industriproduksjon er om lag 0,5 prosent høgare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Dette heng saman med aktiviteten innanfor oljeplattformer og nærings- og nytingsmiddelindustrien.

Nye vekter i 2002

Frå og med januar 2002 er vektopplegget til produksjonsindeksen endra. Ein bruker no vekter frå 2001. Tilverkingsverdiar til faktorprisar frå industristatistikken frå 1999 er berekna fram til 2001. Tidlegare har det vore brukt tre år gamle vekter. Ei oversikt over desse vektene er tilgjengeleg i ein eigen tabell. Denne tabellen kjem fram ved å velje "Vekter" til venstre i skjermbiletet. Ny informasjon har gjort det nødvendig å berekne tal for kraftforsyning for 2001 på nytt. Dette har verka inn på totalindeksen og indeks for energivarer.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2002. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Jan. 2001-jan. 2002 Jan. 2001-jan. 2001 - jan. 2002-jan. 2002 Des. 2001-jan. 2002 Førre 3 md.
Totalindeksen -0,2 -0,2 0,6 1,5
         
Olje- og gassutvinning -0,8 -0,8 -5,2 0,4
Industri 0,4 0,4 3,3 -1,0
Kraftforsyning 1,7 1,7 2,7 20,6
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -4,1 -4,1 1,4 -2,0
Investeringsvarer 2,1 2,1 3,4 -0,7
Konsumvarer 4,1 4,1 5,7 0,6
Energivarer -1,2 -1,2 -4,1 3,1
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.