Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten nedgang i industrien
Sesongjusterte tal viser ein liten nedgang i industriproduksjonen frå januar til februar i år. Det har vore ein nedgang på om lag 1 prosent sidan februar i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein nedgang. Dette heng saman med endringar innanfor produksjonen av fôr. Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein liten auke. Dette er knytt til endringar innanfor kjemiske råvarer. Det har elles vore ein auke i trelast og trevareindustrien og i gummivare- og plastindustrien. Innanfor verkstadnæringane er det berre mindre endringar.
Frå februar 2001 til februar 2002
Nærings- og nytingsmiddelindustrien har elles hatt ei svak utvikling sidan februar i fjor. Dette er mellom anna knytt til produksjonen av fisk og fiskevarer. Produksjonen av innsatsvarer har framleis hatt ei svakare utvikling enn investeringsvarer. Oljeplattformer trekkjer opp aktiviteten innanfor investeringsvarer medan treforedling sørgjer for nedgang i produksjonen av innsatsvarer.
Olje- og gassutvinning
Det har vore ein auke på om lag 3 prosent i norsk olje- og gassutvinning frå januar til februar. Dette kjem etter ein klår nedgang i januar. Auken kan mellom anna knytast til ein høg leiteaktivitet etter olje og gass. Dette heng saman med boreaktiviteten på kontinentalsokkelen. Norsk gassproduksjon er elles klårt høgare enn i same periode i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2002. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Feb. 2001-feb. 2002 |
Jan. 2001-feb. 2001 -
jan. 2002-feb. 2002 |
Jan. 2002-feb. 2002 | Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 3,8 | 1,8 | 1,1 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 12,0 | 5,5 | 3,2 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -1,1 | -0,4 | -0,4 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -7,7 | -2,9 | -11,6 | 12,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -2,9 | -3,6 | 1,0 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,6 | 1,9 | -0,6 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,9 | 0,8 | -4,5 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 8,6 | 3,5 | 2,6 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no