Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Om lag uendra produksjon
Sesongjusterte tal viser ein om lag uendra industriproduksjon gjennom første kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Produksjon av investeringsvarer har hatt ein auke. Det har vore ein nedgang i industriproduksjonen frå februar til mars i år.
Oljeplattformer og transportmiddelindustrien trekkjer opp aktiviteten innanfor produksjon av investeringsvarer i første kvartal. Dette er knytt til ein betra etterspurnad frå heimemarknaden. Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein liten nedgang. Dette er knytt til utviklinga innanfor metallindustrien. Den slit framleis med ein svak eksportmarknad, og produksjonen gjekk her ned med om lag 3 prosent. Det har elles vore ein auke i produksjonen av konsumvarer på om lag 1 prosent.
Frå februar til mars 2002
Utviklinga innanfor konsumvarer trekkjer ned samla industriproduksjon frå februar til mars. Dette heng saman med ein nedgang innanfor forlag og grafisk industri og i nærings- og nytingsmiddelindustrien. Produksjonen innanfor treforedling held fram med ein liten auke, men er framleis klårt lågare enn i same periode i fjor. Elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein nedgang, medan resten av verkstadnæringane har hatt ein auke. Påska var i mars i år, medan påska i fjor var i april. Vekekorrigerte endringstal tek ikkje omsyn til dette. Sesongjusterte tal frå verkstadnæringane og forlag og grafisk industri for mars må elles tolkast med varsemd. Endringar frå februar til mars i år vil bli klårare når tal for april ligg føre.
Norsk olje- og gassutvinning
Det har vore ein nedgang på om lag 10 prosent i norsk olje- og gassutvinning frå februar til mars i år. Dette heng saman med vedtekne begrensingar i norsk oljeproduksjon gjort gjeldande i 2002.
Endringar i produksjonsindeksen for januar 2002
Det er gjort nokre endringar i produksjonsindeksen for januar 2002 no ved publisering av tal for mars. Dette gjeld i nærings- og nytingsmiddelindustrien og innanfor kraftforsyning. Det er ikkje gjort andre endringar elles.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2002. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2001-mars 2002 | Januar-mars 2001 - januar-mars 2002 | Februar-mars 2002 | Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -11,4 | -2,8 | -6,1 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -10,3 | 0,2 | -9,9 | -3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -12,6 | -4,7 | -1,1 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -1,2 | -4,2 | 1,5 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -13,0 | -6,9 | -0,8 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -13,6 | -3,6 | 0,0 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -12,6 | -4,1 | -1,3 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -9,4 | -0,9 | -8,3 | -3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no