24156_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24156
Små endringar i industrien
statistikk
2002-06-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Norsk industriproduksjon har hatt ein liten auke frå mars til april, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auka produksjon av konsumvarer, medan produksjonen av innsatsvarer har gått noko ned.

Nærings- og nytingsmiddelindustrien trekkjer opp aktiviteten innanfor produksjon av konsumvarer frå mars til april. Det har her vore ein auke på om lag 2,5 prosent, noko som heng saman med ein auke i produksjonen av kjøt og kjøtvarer. Aktiviteten innanfor produksjon av fisk og fiskevarer er framleis på eit lågt nivå. Her har det berre vore mindre endringar frå mars til april, og låg produksjon av sildeolje og sildemjøl har verka inn på samla aktivitet innanfor næringa.

Produksjon av innsatsvarer: Ned 0,4 prosent

Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein nedgang på 0,4 prosent frå mars til april. Dette heng saman med nedgangen innanfor tradisjonell eksportretta industri. Oljeraffinering og kjemisk industri og metallindustrien trekkjer difor ned produksjonen av innsatsvarer. Dette heng saman med ein låg etterspurnad og aukande internasjonal konkurranse. Dersom vi ser på dei tre siste månadene, har aktiviteten innanfor treforedling hatt ein auke. Denne næringa har dermed hatt ei noko betre utvikling enn dei andre innsatsvareproduserande bransjane. Endringane for treforedling kjem frå eit lågt nivå.

Frå januar til april 2002: 1 prosent nedgang

Det har vore ein nedgang på om lag 1 prosent i norsk industriproduksjon gjennom dei fire første månadene i år samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Dette heng saman med den svake utviklinga innanfor produksjon av innsatsvarer. Konsumvarer har hatt ein liten nedgang, medan aktiviteten innanfor investeringsvarer har hatt ein liten auke.

Produksjonsindeksen for industrien. April 2002. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  April 2001-april 2002 Januar 2001-april 2001 -
januar 2002-april 2002
Mars 2002-april 2002 Forrige 3 md.
Totalindeksen 8,9 - 5,6 -0,2
         
Olje- og gassutvinning 7,1 1,9 10,5 -2,0
Industri 10,2 -1,3 0,6 0,2
Kraftforsyning 3,1 -2,8 -8,1 -8,0
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 6,7 -3,7 -0,4 0,4
Investeringsvarer 15,1 0,6 -0,3 0,8
Konsumvarer 10,0 -0,9 1,5 -1,4
Energivarer 7,1 1,0 8,5 -2,0
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.