24148_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24148
Små endringar i produksjonen
statistikk
2002-07-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i produksjonen

Det har vore ein liten auke i industriproduksjonen frå april til mai, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.

Endringane i innsatsvarer kjem mellom anna av ein auke innanfor metallindustrien og i produksjonen av kjemiske råvarer. Produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ein auke på om lag 4 prosent, medan kjemiske råvarer har hatt ein auke på om lag 11 prosent. Dette kjem etter ein noko lågare produksjon av innsatsvarer i mars og april i år. Trass i auken siste periode har det vore ein nedgang i produksjonen av kjemiske råvarer med om lag 3 prosent dei siste seks månadene (sjå omsetningstatistikken ).Det har elles vore ein auke på om lag 3 prosent i produksjonen av ikkje-jernhaldige metall gjennom dei seks siste månadene. Samla har innsatsvarer har hatt ein liten auke i same periode.

Auke innanfor delar av verkstadnæringane

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på 0,7 prosent frå april til mai. Dette heng saman med ein auke innanfor metallvarer, oljeplattformer og i transportmiddelindustrien. Dersom vi ser på dei tre siste månadene, har det vore ein oppgang på 1 prosent. Elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein liten nedgang, medan det elles har vore ein liten oppgang for resten av verkstadnæringane.

Produksjonen av investeringsvarer er i mai i år 2,4 prosent høgare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Framleis låg produksjon av konsumvarer

Produksjonen av konsumvarer har hatt ein nedgang på 0,6 prosent frå april til mai. Dette heng saman med ein nedgang innanfor næringsmiddelindustrien. Aktiviteten innanfor produksjonen av fisk og fiskevarer er framleis låg. Samla produksjon av konsumvarer er difor om lag 2 prosent lågare i mai i år enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2002. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Mai 2001-mai 2002    Jan. 2001-mai 2001 - jan. 2002-mai 2002    Apr. 2002-mai 2002    Forrige 3 md.
Totalindeksen 6,5 1,1 -0,2 -1,1
         
Olje- og gassutvinning 12,4 3,8 -1,5 -2,9
Industri -0,3 -1,1 0,7 0,6
Kraftforsyning 20,2 0,4 7,2 -5,8
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -1,2 -3,4 2,4 0,9
Investeringsvarer 2,4 0,9 0,7 1,0
Konsumvarer -1,9 -1,1 -0,6 -1,8
Energivarer 13,3 3,1 -1,0 -2,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.