24129_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24129
Lågare produksjon av innsatsvarer
statistikk
2002-09-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare produksjon av innsatsvarer

Norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på 1,8 prosent frå juni til juli i år, viser sesongjusterte tal. Dette er knytt til ein ny nedgang i produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer.

Nedgangen innanfor innsatsvarer er på 3,3 prosent. Dette heng mellom anna saman med aktiviteten innanfor treforedling. Her har det vore ein reduksjon på over 11 prosent. Dette er knytt til produksjonen av papir og papp som har gått ned med over 17 prosent. Metallindustrien, gummi- og plastindustrien og mineralproduktindustrien er også med og trekkjer ned produksjonstala for innsatsvarer. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, forlag og grafisk industri har også hatt ein liten nedgang. Dette har verka inn på produksjonen av konsumvarer.

Om lag same produksjon som i fjor

Norsk industriproduksjon har vore om lag uendra sidan juli i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer har hatt ei negativ utvikling, medan investeringsvarer har hatt ei positiv utvikling.

Nye tal for juni 2002

Ny informasjon har gjort det nødvendig å berekne tal for juni 2002 på nytt. Samla aktivitet innanfor olje- og gassutvinning er redusert noko. Dette er knytt til ein lågare aktivitet innanfor tenester knytt til denne næringa. For industrien er det berre små endringar. Treforedling er justert noko opp, medan transportmidlar er noko reduserte.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2002. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Juli 2001-juli 2002 Januar-juli 2001 - januar-juli 2002 Juni-juli 2002 Forrige 3 md.
Totalindeksen 4,5 1,9 -1,8 1,4
         
Olje- og gassutvinning -0,4 3,1 -1,7 0,5
Industri -0,3 -0,1 -1,8 1,9
Kraftforsyning 31,9 6,5 -1,0 8,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -0,8 -1,9 -3,3 2,5
Investeringsvarer 0,9 1,8 -0,4 2,3
Konsumvarer -1,4 -0,3 -1,1 1,6
Energivarer 2,8 3,5 -1,5 0,8
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.