24109_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24109
Industriproduksjonen går tilbake
statistikk
2002-12-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Industriproduksjonen går tilbake

Norsk industri produserte mindre i oktober enn i september. Sesongjusterte tal viser at det har vore ein nedgang på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon i denne perioden. Nedgangen heng saman med at produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer har gått tilbake.

Det har vore ein nedgang på 1,4 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå september til oktober i år, viser sesongkorrigerte tal. Dette heng saman med ein nedgang innanfor gummivare- og plastindustrien, mineralproduktindustrien og metallindustrien. Metallindustriproduksjonen har samla sett gått ned med 1,7 prosent. Produksjonen av innsatsvarer frå januar til oktober i år er 1,0 prosent lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Næringsmiddelindustrien slit

Konsumvareproduksjonen gikk ned med 0,9 prosent frå september til oktober i år, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med nedgangen innanfor næringsmiddelindustrien, som har hatt eit fall i produksjonen på 1,3 prosent. Samla produksjon av konsumvarer er 0,9 prosent lågare i perioden januar-oktober i år enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Fleire investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer har auka litt frå september til oktober. Det er aktiviteten innanfor oljeplattformer og transportmiddelindustrien som held produksjonen av investeringsvarer oppe. Frå januar til oktober i år har produksjonen auka med 1,8 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Energivareproduksjonen aukar

Produksjonen av energivarer auka med 9,1 prosent frå september til oktober i år. Vekekorrigerte tal viser at produksjonen av energivarer auka med 1,7 prosent frå januar til oktober samanlikna med same periode i fjor.

Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2002. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Oktober 2001-oktober 2002 Januar-oktober 2001 - januar-oktober 2002 September-oktober 2002 Førre 3 md.
Totalindeksen 2,3 0,6 5,0 -3,6
         
Olje- og gassutvinning 2,5 0,6 8,7 -5,1
Industri 0,7 -0,2 -0,6 -1,8
Kraftforsyning 26,7 11,3 8,2 1,2
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 2,0 -1,0 -1,4 -1,4
Investeringsvarer 2,0 1,8 0,2 -1,3
Konsumvarer -1,5 -0,9 -0,9 -2,5
Energivarer 4,4 1,7 9,1 -5,2
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.