Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Industrien produserer mindre
Produksjonen innanfor industrien viser ein nedgang på 0,4 prosent frå januar til november 2002 samanlikna med same periode i 2001, viser vekekorrigerte tal. Dette kjem av ein nedgang i produksjonen av konsumvarer. Frå oktober til november 2002 fall industriproduksjonen med 1,1 prosent, viser sesongkorrigerte tal.
Produksjonen av konsumvarer har gått ned med 1,2 prosent i perioden januar til november 2002 samanlikna med same periode i 2001, viser vekekorrigerte tal. Dette heng spesielt saman med ei svak utvikling innanfor produksjonen av varige konsumvarer, men også produksjonen av ikkje-varige konsumvarer viste nedgang. For ikkje-varige konsumvarer er nedgangen knytt til aktiviteten innanfor næringsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri. For varige konsumvarer var det produksjonen innanfor møbelindustrien som var hovudårsaka.
Auke i produksjonen av investeringsvarer
Det har vore ein auke på 1,7 prosent i produksjonen av investeringsvarer frå januar til november 2002 samanlikna med same periode i 2001, viser vekekorrigerte tal. Dette heng saman med ein klår produksjonsauke innanfor oljeplattformer.
Negativ utvikling for konsumvarer
Det har vore ein nedgang på om lag 4 prosent i produksjonen av konsumvarer dei tre siste månadene samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal. Varige konsumvarer har i denne perioden hatt ein nedgang på om lag 6 prosent knytt til ei svak utvikling innanfor møbelindustrien. Ikkje-varige konsumvarer har hatt ein nedgang på 3,6 prosent.
Produksjonsindeksen for industrien. November 2002. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2001-november 2002 | Januar 2001-november 2001- januar 2002-november 2002 | Oktober 2002-november 2002 | Siste 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -5,1 | 0,1 | 0,5 | -3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -6,9 | -0,1 | 2,5 | -3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -1,6 | -0,4 | -1,1 | -1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -6,4 | 9,3 | -7,8 | -2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,8 | -1,0 | 0,0 | -1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,6 | 1,7 | -1,6 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -5,2 | -1,2 | -2,3 | -3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,6 | 0,8 | 1,2 | -4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no