Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Klår nedgang i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon viser nedgang for tredje månad på rad. Frå november til desember 2002 var fallet i produksjonen på 3,7 prosent, viser sesongjusterte tal. Det er ein klår nedgang i produksjonen av både innsatsvarer og investeringsvarer.
Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein nedgang på over 4 prosent frå november til desember. Dette heng mellom anna saman med ei svak utvikling innanfor trelast- og trevareindustri og i produksjonen av kjemiske råvarer. Investeringsvarer har hatt ein nedgang på 1,5 prosent knytt til negative tal for oljeplattformer og transportmiddelindustrien.
Ned 0,6 prosent frå 2001 til 2002
Vekekorrigerte tal viser at det har vore ein nedgang på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon gjennom 2002, samanlikna med 2001. Det har då vore ein nedgang på noko over 1 prosent i produksjonen av innsatsvarer, medan det har vore ein nedgang på 1,7 prosent i produksjonen av konsumvarer. Investeringsvarer har hatt ein auke i produksjonen. Grunnlaget for dette er knytt til utviklinga gjennom første halvår av 2002, viser sesongjusterte tal. Utviklinga for investeringsvarer har sidan endra seg i negativ retning både gjennom tredje og fjerde kvartal av 2002.
Vekekorrigerte endringstal for desember 2002
Vi har lagt til grunn eit omfang av driftsstans i samband med jul og nyttår for 2002 som er det same som for 2001. Dette gjeld først og fremst verkstadnæringane og i grafisk industri. Når vi legg dette til grunn, blir det ein arbeidsdag meir i desember 2002 enn i desember året før. Vekekorrigerte endringstal må difor tolkast med varsemd.
Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2002. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2001-desember 2002 | Jan. 2001-des. 2001 - jan. 2002-des. 2002 | November 2002-desember 2002 | Siste 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,4 | -0,3 | -4,3 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -7,7 | -0,8 | -4,5 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -4,0 | -0,6 | -3,7 | -2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -6,6 | 7,5 | -5,7 | -2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -2,6 | -1,1 | -4,2 | -2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -3,5 | 1,3 | -1,5 | -0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -7,3 | -1,7 | -0,4 | -3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,9 | -0,1 | -3,7 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no