24084_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24084
Nedgang i konsum- og innsatsvarer
statistikk
2003-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i konsum- og innsatsvarer

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på om lag 3 prosent frå november i fjor til januar i år, samanlikna med perioden før. Konsumvarer, innsatsvarer og investeringsvarer har alle hatt nedgang.

Alle varegrupper utanom energivarer har hatt ein nedgang gjennom dei tre siste månadene samanlikna med perioden før. Produksjonen av næringsmiddel har gått ned om lag 2 prosent, medan møbelindustri og annan industri har hatt ein nedgang på over 6 prosent. Konsumvarer i alt har difor hatt ein nedgang på 3,4 prosent.

Svak utvikling i produksjonen av innsatsvarer

Innsatsvarer har hatt ein nedgang på om lag 4 prosent. Dette heng mellom anna saman med utviklinga innan mineralprodukt- og metallindustrien. Mineralproduktindustrien har hatt ein nedgang på over 11 prosent, medan metallindustrien har hatt ein nedgang på 2,5 prosent. Produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ei betre utvikling. Trelast- og trevareindustri og treforedling har hatt ein nedgang på mellom 1 og 2 prosent i same tidsrom.

Nedgang for verkstadindustrien siste tre månader

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på om lag 2 prosent gjennom dei tre siste månadene. Dei negative endringane er knytt til alle næringane utanom produksjon av maskinvarer. Elektroteknisk og optisk industri har hatt den svakaste utviklinga.

Kraftig nedgang for næringsmiddelindustrien

Norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på over 4 prosent sidan januar i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av konsumvarer har hatt ein markert nedgang. Dette heng mellom anna saman med ei svak utvikling innan produksjon av fisk og fiskevarer. Innsatsvarer har også hatt ein svak utvikling. Produksjonen av kjemiske råvarer var om lag 16 prosent lågare i januar i år enn for eit år tidlegare. Innan produksjon av investeringsvarer har det berre vore små endringar, men elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein klår nedgang.

Sesongjustert auke må tolkast med varsemd

Norsk industriproduksjon har hatt ein auke på 1,5 prosent frå desember i fjor til januar i år. Treforedling har hatt ein auke på om lag 4 prosent, medan oljeraffinering og kjemisk industri har hatt ein nedgang på over 8 prosent. Auken i industrien i frå desember til januar kjem etter ein nedgang på 3,5 prosent frå november til desember. Ein bør difor sjå sesongjusterte endringstal i samanheng med endringane i perioden før.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Januar 2002-januar 2003 Jan. 2002-jan. 2002 - jan. 2003-jan. 2003 Desember 2002-januar 2003 Siste 3 md.
Totalindeksen -4,6 -4,6 0,1 -1,5
         
Olje- og gassutvinning -2,3 -2,3 1,3 1,5
Industri -4,7 -4,7 1,5 -3,2
Kraftforsyning -17,3 -17,3 -14,1 -14,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -5,6 -5,6 -1,8 -4,2
Investeringsvarer 0,1 0,1 0,5 -1,9
Konsumvarer -8,3 -8,3 0,8 -3,4
Energivarer -4,1 -4,1 1,2 0,4
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.