Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Klår nedgang i industriproduksjonen
Det har vore ein nedgang på over 3 prosent i norsk industriproduksjon dei siste tre månadene, samanlikna med perioden før viser sesongjusterte tal. Innsatsvarer har hatt den svakaste utviklinga. Investeringsvarer har også hatt nedgang.
Produksjonen av innsatsvarer har gått ned med nesten 5 prosent. Dette er knytt til ei svak utvikling for treforedling, kjemiske råvarer, gummi- og plastindustri og for mineralproduktindustrien. Metallindustrien har framleis nedgang, sjølv om produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall har hatt ein auke med om lag 4 prosent. Samla sett er det likevel ein svak internasjonal marknad for industrielle råvarer. Dette har ført til eit fall i etterspurd volum og lågare produktprisar i mange av desse næringane. Norsk pris- og kostnadsutvikling har elles gjort at våre produsentar har fått svekka sin posisjon i heimemarknaden gjennom 2002.
Svakt også for investeringsvarer
Oljeplattformer, transportmiddelindustri og elektroteknisk og optisk industri trekker ned aktiviteten innanfor produksjon av investeringsvarer gjennom dei tre siste månadene. Dette gjer at nedgangen blir om lag 2 prosent samanlikna med månadene før. Utviklinga innanfor plattformnæringa heng saman med investeringsnivået i norsk feltutbygging og i tillegg har norske produsentar tapt viktige kontraktar knytt til desse prosjekta. Svak norsk etterspurnad og kostnadsutvikling har svekka produksjonen av transportmidlar gjennom 2002. Dette gjeld til dømes produksjon av skip og utstyr til skip og produksjonen av motorkjørety. Utviklinga i den internasjonale marknaden har verka inn på produksjonen i elektroteknisk og optisk industri gjennom dei siste månadene.
Februar 2003
Vekekorrigerte tal viser at det har vore ein nedgang på om lag 4 prosent i norsk industriproduksjon sidan februar 2002. Produksjonen av konsumvarer og innsatsvarer viser den mest markerte nedgangen. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, trelast og trevareindustri, treforedling og produksjon av kjemiske råvarer har alle hatt klår nedgang. Utviklinga dei siste tolv månadene i produksjonen av investeringsvarer er ikkje så svak som dei to andre gruppene, men den er klart negativ likevel. Metallvare- og maskinindustrien har til dømes ein nedgang på mellom 1 og 2 prosent. Det er likevel elektroteknisk og optisk industri og oljeraffinering og kjemisk industri som har hatt størst innverknad på endringane dei siste tolv månadene. Metallindustrien er den einaste gruppa som kan vise til ein liten auke.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2003. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 2002-februar 2003 | Januar 2002-februar 2002 - januar 2003-februar 2003 | Januar 2003-februar 2003 | Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -6,0 | -5,3 | 0,1 | -2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -7,3 | -4,9 | -0,9 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,6 | -4,2 | 0,4 | -3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -13,5 | -15,4 | 7,0 | -16,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -4,3 | -4,9 | 2,4 | -4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -2,1 | -1,0 | -0,6 | -2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -4,7 | -6,5 | -0,1 | -1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,7 | -5,9 | -0,3 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no