24068_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24068
Framleis nedgang i industrien
statistikk
2003-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i industrien

Produksjonen i industrien har gått ned med om lag 1 prosent gjennom 1. kvartal av 2003 samanlikna med 4. kvartal 2002, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein nedgang i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer

Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein nedgang på om lag 3 prosent, medan produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på 1,7 prosent. Konsumvarer har også hatt ein liten nedgang.

Svak utvikling for innsatsvarer i 1. kvartal 2003

Oljeraffinering og kjemisk industri har hatt ein nedgang på om lag 3 prosent. Dette heng saman med ein klår nedgang i produksjonen av kjemiske råvarer. Gummivare- og plastindustrien har hatt ein sterk nedgang. Metallindustrien har samla hatt ein liten nedgang, medan produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ein auke på 3 prosent, samanlikna med 4. kvartal av 2002.

Nedgang for investeringsvarer siste tre månader

Produksjonen innan oljeplattformer hadde ein nedgang på 1,7 prosent gjennom 1. kvartal samanlikna med kvartalet før. Transportmiddelindustri har hatt ein nedgang på om lag 2 prosent, medan det har vore ein liten auke i produksjonen i maskinindustrien. Elektroteknisk og optisk industri har hatt ein klår nedgang.

Liten nedgang i produksjonen av konsumvarer

Samla produksjon av konsumvarer har hatt ein nedgang på ½ prosent gjennom 1. kvartal. Forlag og grafisk industri har hatt ein auke samanlikna med kvartalet før, medan nærings- og nytingsmiddellindustrien har hatt ein nedgang.

Frå februar til mars

Det har vore ein liten nedgang i samla industriproduksjon i mars samanlikna med februar, viser sesongjusterte tal. Dette kjem etter ein liten auke i februar. Investeringsvarer har ein nedgang på 1 prosent medan det er berre små endringar for dei andre varetypane.

Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Mars 2002-mars 2003 Januar 2002-mars 2002 - januar 2003-mars 2003 Februar 2003-mars 2003 Forrige 3 md.
Totalindeksen 9,0 -1,0 0,0 -2,2
         
Olje- og gassutvinning 11,9 0,2 1,2 -0,7
Industri 9,0 - -0,4 -0,9
Kraftforsyning -22,9 -17,7 -12,5 -21,4
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 7,7 -0,9 -0,2 -2,9
Investeringsvarer 13,5 3,4 -1,0 -1,7
Konsumvarer 7,2 -2,0 -0,3 -0,5
Energivarer 8,4 -1,6 0,0 -1,6
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.