24052_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24052
Auke i produksjonen av innsatsvarer
statistikk
2003-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i produksjonen av innsatsvarer

Det har vore ein auke i produksjonen av innsatsvarer gjennom dei tre siste månadene samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke innan oljeraffinering og kjemisk industri.

Oljeraffinering og kjemisk industri har då hatt ein auke med 6,9 prosent etter ein nedgang på 2,4 prosent i perioden før. Kjemiske råvarer har hatt ein auke på 8,7 prosent. Produksjon av innsatsvarer har auka med 1,4 prosent.

Framleis nedgang for konsumvarer

Det har vore ein nedgang på 0,9 prosent i produksjonen av konsumvarer dei siste tre månadene. Dette er i hovudsak knytt til ein nedgang i produksjonen av ikkje-varige konsumvarer. Nærings- og nytingsmiddelindustrien har då hatt ein nedgang på 2,5 prosent. Det har vore ein viss auke i produksjonen av varige konsumvarer. Dette er knytt til møbelindustrien og annan industri.

Negativt for investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på 4 prosent gjennom dei tre siste månadene. Dette heng saman med ei svak utvikling for oljeplattformer og transportmiddelindustrien. Dette gjeld også for resten av verkstadnæringane.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Mai 2002-mai 2003 Januar 2002-mai 2002 - januar 2003-mai 2003 April 2003-mai 2003 Forrige 3 md.
Totalindeksen -5,7 -4,4 -0,1 -0,6
         
Olje- og gassutvinning -6,0 -3,3 -1,2 0,3
Industri -4,3 -4,3 1,1 -0,6
Kraftforsyning -22,9 -19,3 4,4 -9,6
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,7 -3,6 0,5 1,4
Investeringsvarer -5,2 -3,7 3,0 -4,0
Konsumvarer -4,6 -5,5 0,1 -0,9
Energivarer -7,0 -4,5 -1,3 0,1
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.