24044_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24044
Nedgang for norsk industriproduksjon
statistikk
2003-08-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang for norsk industriproduksjon

Sesongjusterte tal viser at det har vore ein nedgang på 1,5 prosent i norsk industriproduksjon gjennom 2. kvartal, samanlikna med kvartalet før. Investeringsvarer har hatt ein markert nedgang, medan innsatsvarer kan vise til ein liten auke, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Nedgangen for investeringsvarer heng mest saman med aktiviteten innanfor produksjon av oljeplattformer og i transportmiddelindustrien. Begge desse næringane har hatt ein nedgang på rundt 6 prosent, samanlikna med 1. kvartal i år. Dette heng saman med lågare etterspurnad og aukande internasjonal konkurranse for dei norsk aktørane. Resten av næringane som produserer investeringsvarer, har også hatt ein nedgang. Dette gjer at samla produksjon har gått ned med om lag 5 prosent i 2. kvartal i år.

Ein liten auke i produksjonen av innsatsvarer

Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein auke på 1 prosent gjennom 2. kvartal i år, samanlikna med kvartalet før. Dette kjem mellom anna av ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer og i metallindustrien. Trelast- og trevareindustrien og treforedling har hatt nedgang.

Liten nedgang i produksjonen av konsumvarer

Samla produksjon av konsumvarer har gått ned med om lag 1 prosent gjennom 2. kvartal samanlikna med kvartalet før. Dette heng mellom anna saman med nedgang innan forlag og grafisk industri og i møbelindustrien.

Høg leiteboring etter olje og gass i juni

Det har vore høg leiteboring etter olje- og gass i juni i år samanlikna med tidlegare i år. Dette gjer at samla aktivitet innanfor norsk olje- og gassutvinning held seg oppe. Olje- og gassproduksjonen har vore klart lågare enn tilsvarande periode i fjor knytt til planlagde, betydelege revisjonsstansar på fleire felt.

Les også Produksjonsindeks for industri og bergverksdrift, olje- og gassutvinning og kraftforsyning 1996-2002 (NOS D243).

Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Juni 2002-juni 2003 Jan. 2002-juni 2002 - jan. 2003-juni 2003 Mai 2003-jun. 2003 Forrige 3 md.
Totalindeksen -6,4 -4,8 0,1 -0,9
         
Olje- og gassutvinning -4,0 -3,4 0,1 -1,0
Industri -9,7 -5,3 -0,5 -1,5
Kraftforsyning -18,8 -19,3 6,8 6,2
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -9,9 -4,8 -1,6 1,0
Investeringsvarer -12,6 -5,4 -1,5 -4,7
Konsumvarer -7,3 -5,9 0,8 -0,9
Energivarer -4,8 -4,5 0,3 -0,4
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.