Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industriproduksjonen
Det har vore ein vekst på 1,2 prosent i norsk industriproduksjon dei siste tre månadene samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i innsatsvarer og ein liten auke i konsumvarer.
Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein auke på om lag 2,5 prosent i denne perioden. Det har då vore ein klår auke i treforedlinga og i metallindustrien. Treforedlinga har hatt ein vekst på rundt 9 prosent, medan metallindustrien kan vise til ein vekst på rundt 4 prosent. Konsumvarer har hatt ein auke på litt under 1 prosent. Dette er knytt til ein auke i nærings- og nytingsmiddelindustrien på 1,5 prosent.
Framleis nedgang
Norsk industriproduksjon er likevel 3,6 prosent lågare i august 2003 enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av innsatsvarer er då om lag 4,5 prosent lågare enn i fjor. Endringane i innsatsvarer er mellom anna knytte til svake tal for trelast- og trevareindustrien, gummi- og plastindustrien og mineralproduktindustrien. Treforedlinga skil seg ut med ein auke på rundt 10 prosent sidan august i fjor.
Svikt for investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer er 5,3 prosent lågare i august i år samanlikna med same periode i fjor. Dette heng saman med ein svak etterspurnad heime og ute og sterk konkurranse. Transportmiddelindustrien skil seg spesielt ut med svake tal og ein nedgang på over 10 prosent. Verkstadnæringane samla og oljeplattformer har også hatt ein markert nedgang sidan august i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. August 2003. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2002-august 2003 | Januar-august 2002 - januar-august 2003 | Juli-august 2003 | Førre 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,7 | -4,5 | -2,1 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -5,0 | -3,3 | -0,1 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,6 | -4,6 | -4,4 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -23,4 | -20,0 | -1,8 | 12,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -4,4 | -3,7 | -9,6 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -5,3 | -5,5 | -2,5 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,8 | -5,2 | -0,6 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -6,3 | -4,5 | -0,1 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no