24017_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24017
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2003-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Det har vore ein auke i industriproduksjonen på om lag 2 prosent frå 2. til 3. kvartal 2003, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.

Innsatsvarer har hatt ein auke på rundt 3 prosent. Dette heng saman med ein auke innanfor treforedlinga og metallindustrien. Desse endringane er særskild knytte til ein høg aktivitet i juli 2003. Det har vore ein liten nedgang i august og september for desse næringane, men kvartalstala blir framleis klart positive. Marknadstilhøva for treforedling og aluminium er ikkje vurderte som særskild annleis i 3. kvartal enn tidlegare i år, men i høve til i fjor er dei vurderte som noko betre. Produksjonen av innsatsvarer hadde ein liten auke i 2. kvartal også, medan det var nedgang i 1. kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Vekekorrigerte tal for 3. kvartal 2003 viser likevel at produksjonen av innsatsvarer framleis er om lag 1 prosent lågare enn i same periode i fjor.

Ny auke for investeringsvarer

Oljeplattformer og elektroteknisk og optisk industri skaper ein ny auke for investeringsvarer i 3. kvartal i år. Dette kjem etter to svake kvartal med klar nedgang tidlegare i 2003. Ein auke i aktiviteten for oljeplattformer heng saman med investeringsnivået i landanlegg, felt i drift og felt under utbygging. Aktiviteten er aukande for fleire aktørar og ein del permitterte frå tidlegare i år er komne tilbake i arbeid. Det har elles vore ein svak auke i sysselsetjinga i elektroteknisk og optisk industri. Vekekorrigerte tal for 3. kvartal i år viser likevel at produksjonen av investeringsvarer framleis er om lag 7 prosent lågare enn i same kvartal i fjor. Dette heng mellom anna saman med særskild svake tal for produksjon av transportmiddel, som har hatt ein nedgang på over 12 prosent sidan 3. kvartal i fjor.

Produksjon av konsumvarer

Ikkje-varige konsumvarer sørgjer for ein auke for konsumvarer i 3. kvartal i år. Forlag og grafisk og møbelindustrien har hatt ein auke, medan det har vore ein mindre auke i nærings- og nytingsmiddelindustrien. Nokre produsentar innanfor møbelindustrien kan vise til ein situasjon med ein betra etterspurnad frå eksportmarknaden. Produksjonen av konsumvarer er likevel om lag 2 prosent lågare enn i same kvartal i fjor, viser vekekorrigerte tal.

Produksjonsindeksen for industrien. September 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  September 2002- september 2003 Januar 2002-september 2002-januar 2003-september 2003 August 2003-september 2003 Forrige 3 md.
Totalindeksen 3,7 -3,7 0,8 2,1
         
Olje- og gassutvinning 10,2 -2,0 -0,2 1,9
Industri -3,5 -4,5 1,3 2,1
Kraftforsyning -5,7 -18,6 7,4 7,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,7 -3,7 1,4 3,0
Investeringsvarer -8,6 -5,8 0,9 1,7
Konsumvarer -1,4 -4,7 1,7 1,4
Energivarer 9,3 -3,1 -0,3 1,7
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.