23999_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23999
Liten nedgang for industrien
statistikk
2004-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang for industrien

Industriproduksjonen gjekk ned med 0,6 prosent i dei tre siste månadene samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Årsaka er ein nedgang i produksjonen av innsats- og investeringsvarer.

Det har då vore ein nedgang på 0,6 prosent i produksjonen av innsatsvarer. Dette kjem etter ein auke på 1,4 prosent i to periodar tidlegare i 2003. Det har vore ein liten nedgang i produksjonen innanfor treforedling, medan kjemiske råvarer har hatt ein liten auke i dei tre siste månadene. Ikkje-jarnhaldige metall auka med 2,6 prosent.

Produksjon av investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på 1,8 prosent dei tre siste månadene i fjor. Det har vore ein auke på 0,1 prosent frå oktober til november 2003. Aktiviteten innanfor transportmidlar er framleis i nedgang, men ikkje i same grad som tidlegare i 2003. Det er også nedgang i elektroteknisk og optisk industri.

Konsumvarer

Det har vore auke i produksjonen av konsumvarer gjennom dei tre siste månadene. Endringa er rundt 1 prosent og om lag den same som i dei tre førre månadene. Både varige og ikkje-varige konsumvarer har hatt ein auke. Produksjonen innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein auke på 0,7 prosent samanlikna med perioden før.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
       November 2002-
november 2003
     Januar-november 2002-
januar-november 2003
     Oktober-
november 2003
Førre 3 md.
Totalindeksen 2,1 -3,2 -0,8 0,8
         
Olje- og gassutvinning 5,1 -1,4 -0,2 1,8
Industri -0,3 -4,1 -0,4 -0,6
Kraftforsyning -12,0 -17,2 -13,0 3,2
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 1,6 -3,3 -0,5 -0,6
Investeringsvarer -6,4 -6,1 0,1 -1,8
Konsumvarer 3,8 -3,7 0,8 1,1
Energivarer 3,7 -2,5 -1,7 0,9
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.