23993_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23993
Nedgang for norsk industri
statistikk
2004-02-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang for norsk industri

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på 1,3 prosent i 4. kvartal 2003 samanlikna med kvartalet før. Dette er knytt til produksjonen av investeringsvarer. For dei andre varetypane er det berre små endringar.

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på om lag 3 prosent gjennom 4. kvartal. Dette heng saman med ein nedgang i produksjonen av transportmiddel på om lag 4 prosent, som kjem etter fleire svake kvartal. Mange norske skipsverft er no inne i ein situasjon med svært låg aktivitet knytt til dårleg etterspurnad, auka spesialisering hjå dei norske produsentane og konkurranse frå utlandet. Verfta som byggjer oljeplattformar og utstyr er ein del betre stilte, men også her har det vore nedgang gjennom 4. kvartal. Aktiviteten heng saman med utbygginga av olje- og gassfelt på norsk kontinentalsokkel og ferdigstilling av eksisterande oppdrag. Produksjonen av investeringsvarer har difor vore 7,5 prosent lågare i 4. kvartal 2003 enn i same kvartalet året før, viser vekekorrigerte tal. Dette har då verka inn på samla norsk industriproduksjon som var om lag 2 prosent lågare enn i same kvartal året før.

Auke i enkelte næringar i 4. kvartal

Produksjonen av kjemiske råvarer skil seg ut med ein auke gjennom 4. kvartal samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Dette heng sannsynlegvis saman med ein betra etterspurnad frå eksportmarknaden og ei betring i prisane. Nærings- og nytingsmiddelindustrien har også hatt ein liten auke. Dette er truleg knytt til ein liten auke i etterspurnaden på heimemarknaden.

Nedgang for alle varetypar i 2003

Det har vore ein nedgang på om lag 4 prosent i norsk industriproduksjon i 2003 samanlikna med året før ut frå vekekorrigerte tal. Desse endringane gjeld for alle varetypane, men særskild for investeringsvarer. Ujusterte tal for 2003 viser ein nedgang på over 6 prosent. Dette er knytt til produksjonen innanfor elektroteknisk og optisk industri og den svake utviklinga for norske skips- og plattformverft gjennom året. Endringane for elektroteknisk og optisk industri heng truleg saman med ein svikt i den innanlandske etterspurnaden og ein viss nedgang i eksporten.

Produksjon av innsatsvarer

Treforedling og ikkje-jarnhaldige metall har hatt ei noko betre utvikling gjennom 2003 og desse næringane har hatt ein auke i produksjonen samanlikna med året før. Etter ein auke i 3. kvartal har det likevel vore ein nedgang for treforedling no for 4. kvartal, viser sesongjusterte tal. Dette er venteleg knytt til ein svak etterspurnad frå eksportmarknaden. Ikkje-jarnhaldige metall har hatt ein liten auke, i ein etter måten svak marknadssituasjon for næringa. Svak utvikling for resten av metallindustrien og trelast- og trevareindustrien til dømes, gjer at samla produksjon av innsatsvarer viser nedgang gjennom 2003.

Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2003. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Desember 2002-
desember 2003
Januar 2002-desember 2002-
januar 2003-desember 2003
November 2003-
desember 2003
Førre 3 md.
Totalindeksen -4,5 -3,3 -1,5 -0,4
         
Olje- og gassutvinning -3,3 -1,6 -2,0 0,4
Industri -1,7 -3,9 -0,5 -1,3
Kraftforsyning -15,9 -17,1 -3,5 -3,8
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 0,8 -3,1 0,9 -0,4
Investeringsvarer -8,1 -6,2 -0,2 -2,9
Konsumvarer 1,5 -3,4 -0,2 0,3
Energivarer -4,4 -2,7 -1,3 -0,1
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.