Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis nedgang i industrien
Sesongjusterte tal for norsk industriproduksjon viser ein nedgang på 0,9 prosent frå november i fjor til januar i år, samanlikna med perioden før. Dette heng saman med produksjonen av investeringsvarer. Innsatsvarer og konsumvarer har hatt ein liten auke.
Transportmiddel skil seg ut med den svakaste utviklinga i denne perioden. Det er først og fremst situasjonen på heimemarknaden som har svikta for produksjonen av investeringsvarer gjennom fjoråret og dette har delvis halde fram no i denne siste perioden. Oljeplattformer har hatt ein nedgang på om lag 2,5 prosent, knytt til ein nedgang i ordretilgangen det siste året.
Liten auke for innsatsvarer og konsumvarer
Det har vore ein auke i produksjonen av innsatsvarer med 0,5 prosent i månadene november til januar, samanlikna med perioden før. Dette heng saman med ein auke i metallindustrien, gummi- og plastindustrien og for mineralproduktindustrien. Produksjonen av konsumvarer har også hatt ein liten auke. Dette heng saman med ein auke på 1,0 prosent i nærings- og nytingsmiddelindustrien.
Endringar i publiseringa
Frå og med januar 2004 vil korrigeringar for ulikt tal på arbeidsdagar gjennom året bli gjennomført med ei ny og automatisk rutine. Dette skal sikre betre samanheng mellom dei publiserte tala. Dette vil også sikre ei betre handsaming av periodar med helgedagar i statistikken og gjere det enklare å saman likne desse. Slike korrigerte tal for 1986 til januar 2004 vil no være tilgjengelige. Det er ikkje gjort endringar i ujusterte tal frå tidlegare periodar.
Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2004. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2003-
januar 2004 |
November 2002- januar 2003-
November 2003-januar 2004 |
Desember 2003-
januar 2004 |
August-oktober 2003-
November 2003-januar 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 0,5 | -1,4 | 1,5 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 0,8 | 0,2 | 1,2 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -3,0 | -2,1 | -0,8 | -0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 28,6 | -0,4 | 30,7 | -1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,1 | 0,3 | -2,1 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -10,6 | -8,7 | -2,5 | -2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 0,8 | 1,6 | -0,6 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 4,0 | 0,7 | 3,2 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no