Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industrien
Sesongjusterte tal viste ein auke på 0,8 prosent i norsk industriproduksjon frå januar til februar i år. Dette kjem etter ein tilsvarande nedgang i perioden før. Alle varegrupper utanom energivarer har hatt ein liten auke i februar.
Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på 0,8 prosent. Oljeplattformer held aktiviteten oppe, medan produksjon av transportmiddel framleis er svært låg etter ein ny nedgang. Fleire av bedriftene i plattformindustrien melder om ei viss betring i aktiviteten i høve til situasjonen for nokre månader sidan. Dette kjem etter ei betring i ordretilgangen i 4. kvartal i fjor. Dette vil venteleg halde produksjonen på eit stabilt nivå framover. Produksjonen av oljeplattformer er framleis lågare enn på same tid i fjor, viser vekekorrigerte tal. Den særskild svake situasjonen for mange norske skipsverft verkar framleis klart inn på produksjonen av transportmiddel, trass i ei viss betring av ordresituasjonen. Produksjonen innanfor transportmiddel er om lag 20 prosent lågare enn i same periode i fjor.
Produksjon av investeringsvarer
Dersom vi ser nærare på norsk produksjon av investeringsvarer er det framleis nedgang i maskinindustrien, viser sesongjusterte tal for februar. Elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein auke på nesten 3 prosent. Samla aktivitet i norsk produksjon av investeringsvarer er framleis klart lågare enn på same tid i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Produksjon av konsumvarer
Det har vore ein auke i produksjonen av konsumvarer på om lag 1 prosent i februar, viser sesongjusterte tal. Dette er knytt til produksjonen i norsk møbel- og næringsmiddelindustri gjennom ei betring i etterspurnaden for desse næringane.
Produksjonsindeksen for januar 2004
Produksjonsindeksen for januar 2004 er no berekna på nytt. Dette er knytt til ny informasjon om norsk kraftforsyning. Det er ikkje gjort større endringar i tala elles.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2004. Prosentvis
endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 2003-
februar 2004 |
Desember 2002-
februar 2003- desember 2003- februar 2004 |
Januar-
februar 2004 |
September 2003-
november 2003- desember 2003- februar 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 0,2 | -0,7 | 0,3 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 1,5 | 0,8 | 0,0 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -1,7 | -1,8 | 0,8 | -1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 5,8 | 0,8 | -0,9 | -5,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,4 | 0,7 | 0,5 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -8,4 | -8,8 | 0,8 | -2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 2,3 | 1,8 | 0,9 | -0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 2,1 | 1,2 | -0,2 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no