Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at det har vore auke i norsk industriproduksjon frå februar til mars i år. Dette heng saman med produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.
Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein auke på over 3 prosent. Dette heng mellom anna saman med produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall som held fram med å auke. Ny produksjonskapasitet er i ferd med å bli teken i bruk, og ein auka ordretilgang frå eksportmarknaden til gode prisar held oppe aktiviteten i næringa. Trelast- og trevareindustrien har også hatt ei positiv utvikling knytt til situasjonen i heimemarknaden.
Produksjon av investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på om lag 2 ½ prosent frå februar til mars, etter ein litt mindre auke i månaden før. Dei fleste næringane innanfor investeringsvarer har hatt auke i mars 2004. Dette heng saman med ei viss betring i heimemarknaden. Maskinindustri og elektrisk og optisk industri skil seg ut med ein klår auke. Det er framleis berre mindre endringar for transportmiddel og oljeplattformer. Dersom vi ser på dei siste tre månadene har det likevel vore ein liten nedgang i produksjonen av investeringsvarer samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal.
Nye vekter i produksjonsindeksen for industrien for 2004
Tal for januar til mars er berekna med nye og oppdaterte vekter for 2004. Det er ikkje gjort større endringar i tala for januar og februar 2004 elles. Nye vekter er no tilgjengelege til venstre i skjermbiletet.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2004. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2003-
mars 2004 |
Januar-mars 2003 -
Januar-mars 2004 |
Februar-
mars 2004 |
Oktober-desember 2003 -
Januar-mars 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 5,9 | 3,7 | 2,4 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 3,4 | 1,8 | 2,7 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 1,9 | -0,9 | 2,3 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 15,9 | 10,7 | -2,1 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,1 | 1,4 | 3,2 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -3,8 | -7,7 | 2,4 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 3,2 | 2,0 | 0,7 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 3,9 | 2,4 | 2,3 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no