23964_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23964
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2004-06-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at det har vore ein auke på 1,3 prosent i norsk industriproduksjon dei siste tre månadene, samanlikna med perioden før. Dette heng saman med produksjonen av innsatsvarer.

Produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall har hatt ein auke på neste 5 prosent i denne perioden. Dette er knytt til god eksportretta etterspurnad og ein auke i produksjonskapasiteten. Det har elles vore ein klår auke i produksjonen innanfor trelast og trevareindustrien. Dette heng saman med god etterspurnad frå heimemarknaden.

Nedgang for konsumvarer

Produksjonen av konsumvarer har hatt ein nedgang på 1 prosent dei siste tre månadene, samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien og forlag og grafisk industri trekkjer ned aktiviteten. Norsk møbelindustri går derimot godt og har hatt ein auke dei tre siste månadene.

Investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer er om lag uendra siste periode. Elektroteknisk og optisk industri har hatt ein auke. Dette er knytt til ein auke i etterspurnaden frå utlandet. Transportmiddelindustri har hatt ein nedgang, noko som er vesentleg knytt til bygging av skip. For plattformindustrien, metallvare- og maskinindustrien er det berre små endringar, der det gjennom 2003 til dels har vore klår nedgang.

Produksjonsindeksen for industrien. April 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  April 2003-
april 2004
Januar-april 2003-
januar 2004-april 2004
Mars -april 2004 November 2003-januar 2004 -
februar -april 2004
Totalindeksen 0,7 3,0 -4,8 1,8
         
Olje- og gassutvinning -4,0 0,3 -6,0 -0,8
Industri -0,2 -0,8 -2,4 1,3
Kraftforsyning 1,4 8,9 -3,6 3,6
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 4,1 2,0 0,2 1,3
Investeringsvarer -2,7 -6,7 -2,7 0,1
Konsumvarer -2,3 0,9 -4,7 -1,0
Energivarer -3,6 1,0 -5,1 -0,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.