23957_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23957
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2004-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Det har vore ein auke på 1,3 prosent i norsk industriproduksjon i dei siste tre månadene samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Det har også vore ein auke i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.

Innsatsvarer har hatt ein auke på 2,4 prosent i denne perioden. Dette heng saman med ein vekst i eksporten av tradisjonelle varer. Dette har gjeve positive utslag for næringar som ikkje-jarnhaldige metall og treforedling. Ikkje-jarnhaldige metall har hatt ein auke på 5,2 prosent, medan endringane i treforedling har vore på 3,3 prosent. Trelast- og trevareindustrien har også hatt ein auke. Dette heng saman med god etterspurnad frå heimemarknaden.

Investeringsvarer

Investeringsvarer har hatt ein vekst på 1,2 prosent i dei tre siste månadene. Dette heng saman med positive endringar innanfor oljeplattformer og i elektroteknisk og optisk industri. Det har vore ei viss betring i aktiviteten innanfor oljeplattformer gjennom 1. halvår i år. Dette er knytt til aukande investeringar og aktiviteten knytt til dei eksisterande feltutbyggingane. For elektroteknisk og optisk industri er auken knytt til ein betra etterspurnad frå utlandet. Maskinindustrien har elles hatt ein auke på 1,4 prosent.

Konsumvarer

Det har vore ein nedgang på 2,1 prosent i produksjonen av konsumvarer dei tre siste månadene, samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein nedgang, medan det har vore ein auke for norsk møbelindustri. Transportarbeidarstreiken i mai i år har verka inn på produksjonen i delar av norsk nærings- og nytingsmiddelindustri.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Mai 2003-
mai 2004
Januar 2003- mai 2003-
januar 2004-mai 2004
April 2004-
mai 2004
Desember 2003-februar 2004-
mars 2004-mai 2004
Totalindeksen 5,5 3,5 3,9 1,6
         
Olje- og gassutvinning 4,7 1,2 5,7 0,4
Industri -0,7 -0,7 0,0 1,3
Kraftforsyning 6,1 8,4 3,9 0,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 1,8 1,9 -1,3 2,4
Investeringsvarer -2,2 -5,8 1,8 1,2
Konsumvarer -2,2 0,4 0,5 -2,1
Energivarer 4,8 1,8 5,3 0,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.