23951_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23951
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2004-08-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Det har vore ein auke på 1,3 prosent i norsk industriproduksjon i andre kvartal samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Det har vore ein auke i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.

Innsatsvarer har hatt ein auke på 2,5 prosent. Dette heng saman med positiv utvikling for mellom anna trelast- og trevareindustrien, treforedling og metallindustrien. Produksjonen av kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall har hatt ein noko mindre auke.

Investeringsvarer

Det har vore ein auke på 2,1 prosent i produksjonen av investeringsvarer i 2. kvartal samanlikna med kvartalet før. Dette heng saman med ein forholdsvis høg aktivitet innanfor produksjon av oljeplattformer. Auka verksemd i næringa er knytt til nye og eksisterande feltutbyggingar. Det har også vore ein auke i maskinindustrien.

Konsumvarer

Det har vore ein nedgang på 1,7 prosent i produksjonen av konsumvarer dei tre siste månadene samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien og forlag og grafisk industri har hatt ein nedgang, medan det har vore ein auke for norsk møbelindustri.

Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Juni 2003-juni 2004 Januar-juni 2003-
januar-juni 2004
Mai-juni 2004 Januar-mars 2004-
april-juni 2004
Totalindeksen 10,4 4,5 6,1 1,7
         
Olje- og gassutvinning 13,5 3,1 7,3 2,0
Industri 5,0 0,3 4,3 1,3
Kraftforsyning -2,2 6,9 -1,6 -2,6
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 5,6 2,6 1,7 2,5
Investeringsvarer 3,3 -4,4 3,1 2,1
Konsumvarer 4,8 1,1 6,6 -1,7
Energivarer 11,7 3,2 6,1 1,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.