23934_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23934
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2004-10-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Det har vore ein vekst på 2,4 prosent i norsk industri frå juni til august i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer.

Produksjonen av innsatsvarer har då hatt ein auke på 1,7 prosent. Dette heng saman med ei god utvikling for norsk metall- og treforedlingsindustri og frå produksjonen av kjemiske råvarer. Desse endringane er knytte til ein auke i den eksportretta etterspurnaden. Det har vore ein mindre nedgang i norsk produksjon av trelast og trevarer gjennom perioden, trass i ein auke i den innanlandske etterspurnaden. For trelast og trevarer var det ein klår auke i perioden mars til mai i år.

Konsumvarer

Det har vore ein auke på 3,5 prosent i norsk produksjon av konsumvarer frå juni til august, samanlikna med månadene før. Dette heng saman med ein auke i norsk nærings- og nytingsmiddelindustri. Det har mellom anna vore ein auke i produksjonen av fôr og meierivarer og i nytingsmiddelindustrien. Produksjonen i forlag og grafisk industri har hatt ein auke på 2,5 prosent gjennom den siste perioden.

Investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein vekst på 1,2 prosent siste periode. Dette heng saman med ein vekst for oljeplattformer og i metallvareindustrien. Høge norske oljeinvesteringar gjennom 2004 har virka inn på dette. Det har også vore ein auke i produksjonen i maskinindustrien, medan det har vore ein nedgang innanfor elektroteknisk og optisk industri. Innanfor produksjon av transportmiddel er det berre små endringar. Det er framleis låg aktivitet knytt til bygging av skip og fartøy trass i at det har vore ein viss auke i etterspurnaden retta mot bygging av skip i Noreg gjennom perioden.

Produksjonsindeksen for industrien. August 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  August 2003-august 2004 Januar-august 2003-januar-august 2004 Juli-august 2004 Mars-mai 2004-juni-august 2004
Totalindeksen -6,5 3,1 -5,5 -0,9
         
Olje- og gassutvinning -12,9 0,2 -8,2 -2,1
Industri 3,1 0,5 -0,3 2,4
Kraftforsyning -3,8 3,6 4,1 -3,8
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 6,1 3,0 -1,2 1,7
Investeringsvarer -0,3 -3,9 1,0 1,2
Konsumvarer 1,5 1,2 -0,3 3,5
Energivarer -11,9 0,4 -7,6 -2,0
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.