Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industrien
Det har vore ein vekst på 1,1 prosent i norsk industriproduksjon gjennom tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer.
Produksjonen av innsatsvarer har hatt ein vekst på 1,3 prosent. Dette heng saman med ein auke innanfor kjemiske råvarer, treforedling og i metallindustrien. Endringane for innsatsvarer er knytte til ein auke i den eksportretta etterspurnaden. Trelast- og trevareindustrien har hatt ein nedgang på 1,9 prosent.
Produksjon av investeringsvarer
Det har vore ein auke på 0,3 prosent i produksjonen av investeringsvarer gjennom tredje kvartal. Næringar som oljeplattformer og maskinindustri har hatt ein auke. Produksjon av transportmiddel har også hatt ein auke. Dette er knytt til ein auke i produksjonen av skip i Noreg. Dette kjem etter ein periode med låg aktivitet i næringa, og det er knytt til ein auke i etterspurnaden retta mot bygging og særleg utrusting av skip i Noreg.
Produksjon av konsumvarer
Produksjonen av konsumvarer har hatt ein auke på 2,0 prosent siste kvartal samanlikna med kvartalet før. Dette heng saman med ein auke innanfor norsk næringsmiddelindustri. Det har også vore ein mindre auke innanfor forlag og grafisk industri.
Endring i publisering
Det blir ikkje lagt ut tabellar med månadstal frå siste periode og tilbake til 1986 på statistikken si heimeside. Desse tala blir likevel oppdaterte og vil vere tilgjengelige i Statistikkbanken.
Produksjonsindeksen for industrien. September 2004. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2003-september 2004 | Januar-september 2003-januar-september 2004 | August-september 2004 | April-juni 2004-juli-september 2004 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -3,3 | 2,3 | 5,3 | -5,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -5,6 | -0,5 | 8,1 | -8,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,2 | 0,7 | 0,1 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -10,0 | 2,1 | 0,3 | -4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,8 | 3,2 | -0,7 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,3 | -3,2 | 1,4 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 0,4 | 1,1 | 0,5 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -6,1 | -0,3 | 6,4 | -8,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no