23920_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23920
Auke i produksjonen av aluminium
statistikk
2004-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i produksjonen av aluminium

Det har vore ein auke i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall frå august til oktober i år samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med produksjonen av aluminium. Det er liten endring i samla industriproduksjon.

Norsk produksjon av aluminium har vore rekordhøg i denne perioden. Produksjonskapasiteten i næringa er blitt utvida gjennom 2004 og etterspurnaden frå eksportmarknaden har vore god. Produksjonen av innsatsvarer har likevel berre hatt ein mindre auke. Dette heng saman med ein nedgang i produksjonen for treforedling og kjemiske råvarer.

Produksjon av investeringsvarer

Det har vore ein liten auke i produksjonen av investeringsvarer frå august til oktober i år samanlikna med perioden før. Dette gjeld til dømes næringar som maskinindustri og transportmiddelindustri.

Produksjon av konsumvarer

Det har berre vore mindre endringar i norsk produksjon av konsumvarer frå august til oktober i år samanlikna med perioden før. Norsk nærings- og nytingsmiddelindustri har hatt ein liten auke, medan det har vore ein svak nedgang i norsk møbelindustri. Dette har verka inn på produksjonen av varige konsumvarer som viser ein nedgang.

Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Oktober 2003- oktober 2004 Januar-oktober 2003- januar-oktober 2004 September 2004- Oktober 2004 Mai- juli 2004- August- oktober 2004
Totalindeksen 1,2 2,2 2,4 -5,2
         
Olje- og gassutvinning -0,1 -0,4 4,0 -7,5
Industri 1,5 0,9 -0,7 -0,1
Kraftforsyning -14,0 0,0 -2,3 -1,8
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 3,6 3,2 0,7 0,2
Investeringsvarer 1,0 -2,8 -1,3 0,1
Konsumvarer -0,6 0,9 -1,2 0,0
Energivarer -1,5 -0,5 4,0 -7,4
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.