Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten vekst i industrien
Det har vore ein liten vekst i norsk industriproduksjon frå september til november 2004, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av innsatsvarer, konsumvarer og investeringsvarer har då hatt ein liten auke.
Treforedling, kjemiske råvarer og metallindustrien har hatt ein vekst i produksjonen frå september til november 2004. Dette heng saman med god eksportretta etterspurnad og auka produksjonskapasitet i norsk produksjon av aluminium. Det har også vore ein mindre auke i norsk trelast- og trevareindustri, medan gummi- og plastvareindustrien har hatt ein nedgang i perioden.
Konsumvarer
Produksjonen av varige konsumvarer har hatt ein auke frå september til november 2004. Dette heng saman med ein auke i norsk møbelproduksjon. Det har berre vore mindre endringar i norsk nærings- og nytingsmiddelindustri og i forlag og grafisk industri gjennom perioden.
Investeringsvarer
Norsk produksjon av investeringsvarer har hatt ein liten vekst frå september til november 2004, viser sesongjusterte tal. Metallvareindustri, maskinindustri og oljeplattformer har då hatt ein liten vekst. Transportmiddelindustrien har berre hatt mindre endringar. Dersom ein samanliknar produksjonen i perioden frå september til november med perioden frå juni til august 2004, har det vore ein auke i produksjonen av transportmiddel. Norsk skipsbygging har då hatt ein klar vekst. Dette heng saman med den aukande etterspurnaden retta mot bygging og særskild utrusting av skip i Noreg gjennom 2004.
Produksjonsindeksen for industrien. November 2004. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2003-
november 2004 |
Januar-november 2003 -
januar-november 2004 |
Oktober 2004-
november 2004 |
Juni-august 2004 -
september-november 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 0,9 | 2,1 | -1,3 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -3,7 | -0,8 | -2,5 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,9 | 1,1 | 1,3 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 4,6 | 0,6 | 2,4 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,3 | 3,3 | 0,2 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 4,9 | -2,1 | 2,3 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,4 | 1,0 | 1,7 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -3,1 | -0,7 | -1,8 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no