23906_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
23906
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2005-02-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Det har vore ein vekst på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon frå tredje til fjerde kvartal 2004, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av investeringsvarer og ein mindre auke for innsatsvarer.

Norsk produksjon av investeringsvarer har hatt ein auke på 3,1 prosent i fjerde kvartal 2004, samanlikna med kvartalet før. Dette er mellom anna knytt til ein vekst i transportmiddel på 4,4 prosent, som heng saman med den aukande etterspurnaden retta mot bygging og særskild utrusting av skip i Noreg gjennom 2004. Endringane skjer frå eit lågt aktivitetsnivå i næringa, og verksemd knytt til nye kontraktar vil først kome i gang for alvor i 2005. Det har også vore vekst i maskin- og metallvareindustrien.

Innsatsvarer

Det har vore ein auke på 0,5 prosent i norsk produksjon av innsatsvarer gjennom fjerde kvartal 2004 samanlikna med kvartalet før. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av trelast og trevarer, grunna den aukande byggjeaktiviteten gjennom 2004. Det har også vore ein auke i oljeraffinering og kjemisk industri. Produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall viser berre små endringar gjennom kvartalet. Dette heng saman med ein liten nedgang i produksjon av varer av aluminium i siste kvartal av 2004.

Konsumvarer

Produksjonen av varige konsumvarer har hatt ein nedgang frå tredje til fjerde kvartal 2004. Dette heng saman med produksjonen i norsk møbelindustri som viser ein nedgang gjennom siste kvartal. Det har også vore ein nedgang i nærings- og nytingsmiddelindustrien der mellom anna produksjon av kjøtt og kjøttvarer har hatt ein nedgang.

Innsatsvarer og konsumvarer i 2004

Det har vore ein auke på 1,4 prosent i norsk industriproduksjon samanlikna med året før, viser vekekorrigerte tal. Dette heng saman med ein auke i norsk produksjon av innsatsvarer og konsumvarer.

Innsatsvarer har hatt ein auke på 3,6 prosent. Ein viktig årsak er god eksportretta etterspurnad og ein auka produksjonskapasitet av ikkje-jarnhaldige metall. Trelastindustrien har også hatt auke. Veksten innanfor konsumvarer heng mellom anna saman med ein auke i norsk møbelproduksjon samanlikna med året før.

Investeringsvarer i 2004

Norsk produksjon av transportmiddel har hatt ein klar nedgang i 2004 samanlikna med året før. Plattformindustrien har hatt ei meir jamn utvikling med berre ein liten nedgang sidan 2003. Dette er knytt til omfanget av utbygging av olje- og gassfelt på norsk kontinentalsokkel.

Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2004. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
          Desember 2003-
desember 2004
        Januar-desember 2003 -
Januar-desember 2004
        November 2004-
desember 2004
        Juli-september 2004 -
oktober-desember 2004
Totalindeksen -0,5 1,9 -3,2 2,1
         
Olje- og gassutvinning -10,4 -1,6 -5,2 2,8
Industri 5,3 1,4 0,6 0,6
Kraftforsyning 8,4 1,3 0,5 3,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 6,7 3,6 2,8 0,5
Investeringsvarer 9,2 -1,2 3,7 3,1
Konsumvarer 0,8 1,0 -0,5 0,0
Energivarer -8,8 -1,4 -4,4 2,8
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.