Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i norsk industriproduksjon
Norsk industriproduksjon auka med 1,7 prosent frå november i fjor til januar i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Veksten var mest markant for investeringsvarer og innsatsvarer.
Produksjonen av innsatsvarer auka med 3,0 prosent, noko som hang saman med ein vekst innanfor kjemiske råvarer, trelast- og trevareindustrien og i treforedling.
Produksjon av investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer auka med 3,7 prosent frå november i fjor til januar i år, samanlikna med perioden før. Auke i metallvare-, maskinindustri og i transportmiddel- og plattformindustrien trakk opp produksjonen.
Produksjon av konsumvarer
Produksjonen av konsumvarer auka med 0,7 prosent i siste periode, og dette hang saman med ein vekst i produksjonen av ikkje-varige konsumvarer. Produksjonen i forlag og grafisk industri har og auka.
Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2005. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2004- januar 2005 | November 2003-januar 2004 - November 2004-januar 2005 | Desember 2004- januar 2005 | August-oktober 2004 - november 2004-januar 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,0 | -1,3 | 0,7 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -9,1 | -7,8 | 0,8 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 6,9 | 5,3 | 0,2 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 9,0 | 7,5 | 9,4 | 9,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 10,3 | 7,0 | 0,3 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 10,2 | 8,1 | -2,3 | 3,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 0,8 | 1,0 | -0,3 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,3 | -6,6 | 1,6 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no