Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industrien
Norsk industriproduksjon auka med 1,0 prosent i perioden desember 2004-februar 2005 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Innsatsvarer og investeringsvarer hadde klar vekst i produksjonen.
Produksjonen av innsatsvarer auka med 2,0 prosent, noko som hang saman med ein vekst innanfor trelast- og trevareindustri, treforedling og kjemiske råvarer. Aukande byggjeaktivitet i Noreg og god eksportretta etterspurnad trakk opp produksjonen i desse næringane.
Investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer auka med 2,7 prosent frå november i fjor til februar i år samanlikna med perioden før. Verkstadnæringane hadde då vekst i produksjonen.
Konsumvarer
Produksjonen av konsumvarer gjekk ned med 0,4 prosent i siste periode, noko som hang saman med ein nedgang i produksjonen av næringsmiddel.
Produksjonsindeksen for januar 2005
Ny informasjon har gjort det nødvendig å berekne tal for januar 2005 på nytt saman med publiseringa av tal for februar 2005.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2005. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 2004- februar 2005 | Desember 2003- februar 2004-Desember 2004- februar 2005 | Januar 2005-februar 2005 | September- november 2004- desember 2004- februar 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -2,0 | -2,4 | 1,7 | -2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -5,9 | -8,6 | 2,5 | -4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,0 | 4,8 | -0,8 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 25,4 | 14,2 | 11,2 | 17,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,8 | 6,7 | -2,5 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 5,5 | 8,0 | -0,9 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,5 | -0,1 | -0,9 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -3,0 | -6,5 | 3,1 | -2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no